Studietur - Leiing
Studietur Leiing
09.–10. september inviterer vi til studietur til flotte Jølstraholmen, kombinert med Folka-konferansen
Leiing handlar om langt meir enn drift, økonomi og resultat. Det handlar om menneska, kulturen og evna til å bygge ein organisasjon der folk trivst, utviklar seg og ønskjer å bli verande.
Med denne studieturen ønskjer vi å setje fokus på den delen av leiarrolla. Saman med Framtidsfylket Vestland inviterer vi til fagleg påfyll, gode diskusjonar og erfaringsdeling - altså mykje godt du kan ta med tilbake til di eiga verksemd. Målet er å gi deg nye perspektiv på korleis du kan utvikle organisasjonen, styrke arbeidsmiljøet og bli endå betre rusta til å rekruttere, engasjere og ta vare på medarbeidarane dine.
Sjå under for pris og påmelding. Prisen inkluderar billett til Folka-konferansen.
I forbindelse med Folka-konferansen gjennomfører Framtidsfylket Vestland, i samarbeid med Kunnskapsparken Vestland, ei undersøking om rekruttering. Vi håpar du vil bruke fem minutt på å dele dine erfaringar. Svara gir oss viktig innsikt og eit betre grunnlag for å utvikle tiltak som treff behova til næringslivet.
👉 Svar på undersøkinga her: Spørjeundersøking: rekruttering av tilsette i Vestland
Program
Sjå under for foreløpig program - meir informasjon kjem.
Dag 1:
Vi startar dagen på med å delta på Folka-konferansen. Denne konferansen er en stor, regional konferanse med fokus på rekruttering, arbeidsmiljø og organisasjonsutvikling. Den arrangeres av Framtidsfylket Vestland i samarbeid med næringslivet for å hjelpe arbeidsgivere med å tiltrekke, engasjere og beholde medarbeidere.
Etter konferansen reiser vi opp til Jølstraholmen for en god og hyggelig middag sammen, før vi får en bedre søvn ved siden av elva Jølstra. Kanskje det freistar for nokon å ta seg eit tidleg haustbad i elvevatnet og nyte saunaen?
Dag 2:
Vi startar dagen med ein god frukost saman før vi samlast til fagleg program frå kl. 08.30.
Dagen opnar med eit inspirerande foredrag frå Hans Petter Stub som er ledande ekspert på employer branding, før vi går vidare til ei arbeidsøkt leia av Kunnskapsparken Vestland ved Sigrid Førde.
Med utgangspunkt i undersøkinga «Korleis kan Vestland bli betre på rekruttering?» flyttar vi perspektivet over på di eiga verksemd og spør: Korleis kan du og di verksemd bli betre?
Gjennom refleksjon og diskusjon får du moglegheit til å ha tankane på di eiga verksemd og sjå nærare på eigen kultur, leiarskap og organisasjonsutvikling. Vi utfordrar etablerte tankesett og ser på kva som skal til for å byggje ein organisasjon som tiltrekkjer, utviklar og tek vare på dei rette menneska.
Målet er ikkje å gi alle dei rette svara, men å hjelpe deg med å stille dei rette spørsmåla. Korleis ser organisasjonen di ut gjennom augo til dei du ønskjer å rekruttere? Kva kan du sjølv påverke – og kva bør du kanskje gjere annleis?
Vi håpar du reiser heim med nye perspektiv og ei betre forståing. Målet er at du skal sjå kva moglegheiter som ligg i di eiga verksemd, og bli meir bevisst på kva du sjølv kan gjere for å styrkje organisasjonen – både for dagens og framtidas medarbeidarar.
Pris
Målbedrifter i Næringshagen og bedrifter tilknytta inkubatorprogrammet i Kunnskapsparken Vestland vil kunne få innovasjonsstøtte for deltakelse. For målbedrifter i Næringshagen vil dette kunne utgjøre opptil 75% innovasjonsstøtte.
Marknadspris for turen er: 18 000,-
Pris for målbedrifter med 75% innovasjonsstøtte: 4500,- pr person
Bedriftar utanfor Næringshageprogrammet og Inkubatorprogrammet er velkommen til å bli med, men må då betale fullpris for turen eller bli medlem.
Ønskjer du å bli vurdert til Næringshageprogrammet og få innovasjonsstøtte på samlinga? Fyll inn dette skjemaet og vi vil ta kontakt med deg: Skjema Næringshage
Meldt deg på her:
Har du spørsmål? Kontakt oss!
Sigrid Førde
sigrid@kpvest.no
400 21 567
Runhild Fedøy
runhild@kpvest.no
980 83 950