Kunnskapsparken Vestland

Vi legg til rette for vekst i næringslivet og tek lokale idear ut i verda.

 
Falkeblikk AS - 20210826 Kunnskapsparken Vestland D850_3627_WEB.jpg

Om oss

Vi tilrettelegg for sterke innovasjonsmiljø og vekstkraft i bedrifter i Vestland.

Gjennom arbeidet vårt gjer vi det vi kan for å hjelpe framtidas næringsliv opp og fram. Logoen vår symboliserer ei spå – ei spå om framtidas næringsliv. 

 
 
Falkeblikk AS - 20210826 Kunnskapsparken Vestland D850_3688_WEB.jpg
 
I 20 år har vi bidrege til å få fram framtidas arbeidsplassar, jobbar som gjer regionane attraktive å leve og bu. Det er flott å sjå kva næringslivet i regionane kan få til, berre ein står saman.
— Kjetil Kvåle, dagleg leiar
 

Saman om berekraft

Kunnskapsparken Vestland ønsker å bidra til å oppfylle FNs berekraftsmål. Dette fokuset har vi i eigen bedrift og i det daglege arbeidet vårt med bedrifter og gründerar.

Næringslivet blir utfordra på berekraft og må sjå på berekraft både som miljøgevinst og som konkurransekraft. Berekraft må difor forankrast i selskapa sine eigne strategiplanar. Kunnskapsparken Vestland hjelper bedrifter til å bidra til ein grønare framtid med nye forretnings-moglegheiter. Berekraft er óg eit av opptaktskritere til inkubasjonsprogrammet.

20210818_Kunskapsparken_0057.jpg

Kjernekompetanse

Kunnskapsparken Vestland er eit regionalt innovasjonsselskap med kontor i Stryn, Nordfjordeid, Førde og Sogndal. Våre tre kjerneverdiar handlekraft, samspel og tillit både forpliktar oss og gir oss inspirasjon i vårt arbeid med nyskapande næringsliv. 

Vår kjernekompetanse er inkubatorteneste, forretningsutvikling, kommersialisering, prosess- og prosjektleiing, klyngeutvikling og omstilling.

 

Nettverk

Nettverket vårt består av relevant næringsliv, FoU-miljø, kapital og investormiljø, og andre lokale, regionale og nasjonale innovasjonsmiljø.

Vi kjenner både det politiske miljøet og verkemiddelapparatet godt, og nyttar denne kompetansen for å kunne gi best mogleg hjelp til næringslivet.

 

Miljø

Kunnskapsparken Vestland bidreg til sterke innovasjonsmiljø og fasiliterer samhandling. Dette er fysiske miljø og fellesskap der vi har eit sterkt engasjement, både som eigar, leigetakar og rådgjevar.

 
 
 

Peak Sunnfjord - Førde

Peak Sunnfjord er eit dynamisk kontorfellesskap midt i Førde, for gründerar, oppstartsselskap og etablerte teknologibedrifter. Her finn ein aktørar i verkemiddelapparatet som Innovasjon Norge, SIVA, Kunnskapsparken Vestland og Sunnfjord Utvikling. I tillegg er Sogn og Fjordane Næringsråd, Framtidsfylket og Fjord Invest lokalisert her.

Sitep - Årdal

Sitep (Senter for Innovasjon, Teknologi og Prosess) er ein øvingsfabrikk og teknologilab for elevar og erfarne innovatørar. Her skal den industrielle framtida i regionen formast, gjennom auka samarbeid mellom bedrifter, skule, universitet og andre forskingsmiljø.

Fus - Sogndal

Eit kontorfellesskap på Campus Sogndal, for gründerar og etablert næringsliv. FUS tilbyr eit aktivt nettverk og god støtte, med tilgang til rådgjevarar, kapital, mentorar, faglege- og sosiale arrangement, og kontorfasilitetar og møterom. Nasjonale og regionale aktørar som Innovasjon Norge, Siva, Forskingsrådet, Distriktssenteret, Kunnskapsparken, Sogn Næring, Høgskulen og Vestlandsforsking er alle aktørar lokalisert i dette miljøet.

Techub - Stryn

Stryn TechHub er ei klyngesatsing som skal tilrettelegge for meir effektive prosessar frå idé til produksjonsfasar. Leverandørar, kundar, FoU-miljø og samarbeidspartnarar knytast saman i nettverk som skapar auka samhandling.

Inviro - Nordfjord virtuelle campus

Eit samarbeidsprosjekt initiert av ei gruppe bedrifter som driv innan elektro, automasjon, enøk og byggfag i Nordfjord. Inviro skal tilby løysingar knytt til rekruttering, kompetanseheving og utviklingskapasitet. Dette skal auke tilgangen på relevant arbeidskraft og gjere kvar einskilde bedrift betre rusta til å henge med i den teknologiske utfordringa.

 
 

Partnarar

Sparebanken Sogn og Fjordane

Sparebanken Vest

Helse Førde

Høgskulen på Vestlandet

Connect

Stryn Næringshage

Inviro

Sognefjorden Næringshage

Aksello

VIS

Eigarar

Vestland Fylkeskommune

Fjord Invest

Siva

Sparebanken Sogn og Fjordane

Sogndal kommune

Helse Førde

Stryn Næringshage

 
kpv-blue2.png

Styret

Jon Rune Heimlid (styreleiar)
dagleg leiar i Nomek

Aud Ingrid Espeland 
sjølvstendig næringsdrivande

Hjørdis Vik 
avdelingsleiar Innovasjon Norge

Ragnar Waalen 
seniorrådgivar i Siva

Jan Henrik Nygård
sjølvstendig næringsdrivande

Trine Lerum Hjellhaug
adm. direktør i Lerum