Nyskapingsfondet er rigga og klar for det 20-ende driftsåret på rad! Men først gjennomfører vi årets 4. og siste tildeling.

 
 
 
 
 

Nyskapingsfondet sin misjon er å hjelpe fram gode og framtidsretta forretningsidèar i den tidlege, og risikofylte usikre fasen.

Og takka vere påfyll av frisk kapital frå Agenda Vestlandet kan fondet halde fram med avlaste gründerar og bedrifter i denne fasen.

Å gå frå idé til marknad krev både tid, ressursar og mot. Særleg den første fasen er ofte prega av stor usikkerheit. Produkt skal utviklast, kundebehov skal testast, marknaden skal validerast og ein forretningsmodell skal på plass. Samtidig er det nettopp i denne fasen det ofte er vanskelegast å finne finansiering.

Nyskapingsfondet er etablert for å møte denne utfordringa. Fondet bidreg med økonomisk støtte til prosjekt i ein tidleg fase, slik at fleire gode idéar kan få mulegheit til å bli til vekstbedrifter og arbeidsplassar i regionen.

NYSKAPINGSFONDET byggjer på lang erfaring. Allereie i 2008 etablerte Sparebanken Vest ei stifting for å hjelpe i gang gode forretningsidéar i den tidlege og risikofylte fasen. Kjært barn har mange namn, men målet er det same: å gi folk med gode idéar høve til å prøve, teste og utvikle noko nytt.

Og sidan oppstarten i 2008 er det delt ut 17,65 millionar kroner til 159 gründerar.

Å satse tidleg inneber risiko – og ikkje alle prosjekt lukkast. Likevel har innsatsen gitt tydelege resultat: I dag er det estimert mellom 350 og 400 arbeidsplassar i kjølvatnet av desse gründarane sin innsats i Sogn og Fjordane regionen.

NYE MULEGHEITER

Så: har du ein idé eller eit prosjekt som treng eit første løft? Då kan NYSKAPINGSFONDET vere verdt å sjekke ut.

Kan idéen din bli til ny bedrift og nye arbeidsplassar ved å utvikle ei ny teneste eller eit nytt produkt?

Og spesielt om denne idèen er samfunnsgagnande, er nyskapande og innanfor grøn omstilling og berekraftig utvikling – Då kan kanskje NYSKAPINGSFONDET bidra i oppstarten.

Fondet kan ikkje hjelpe alle, men det er relativt låg terskel for å sende inn søknad, og det er lite formelle krav til innholdet. Det viktigaste er å beskrive idèen og formålet, kva aktivitetar du skal gjennomføre, kva kostnader det vil føre til og ikkje minst om personane bak forretnignsidèen og gjennomføringsevna for idèen .

Styret har 4 møte pr år, og årets 4. møte, der innkomne søknader blir vurderer og prioritert, er 9. desember.

Søknadsfrist til dette møte er søndag 22 november

Fyll ut søknadsskjema under, last opp budsjett og evt prosjektbeskrivelse om du har, og send inn!

Om du treng lengre tid på å utvikle idèen, så har styret lagt møteplanen for 2027. Det blir som vanleg 4 styremøte neste år også, og søknadsfristane i 2027 blir: 28 februar, 9 mai, 26 september og 14 november.