Kurs: Rask Oppstart for gründerar og oppstartsbedrifter

RASK OPPSTART
har opna påmelding for hausten 2026!

Program for gründerar og oppstartsbedrifter i tidleg fase

Er du ein gründer eller ei oppstartsbedrift som ønskjer å komme raskt i gang?

Rask Oppstart gir deg ei unik moglegheit til å utforske, teste og vidareutvikle ideen din i eit strukturert og støttande miljø.

Programmet RASK OPPSTART er basert på Disiplined Entrepreneurship-metodikken og er ein systematisk tilnærming for å lukkast med en Startup. Programmet gir ein raskare og tryggare veg frå idé til kommersialisering, og inneheld;

  • 3 fysiske samlingar

  • Oppfølging og veiledning med forretningsutviklar etter samlingane

  • Malar og verktøy

  • Tilgang til nettverk

  • Tilgang til Hotdesk i våre lokasjonar i Førde og Sogndal

  • Tilgang til møteromsfasilitetar

  • Lunsj og forfriskningar på samlingane

Programmet passar for gründerar og oppstartsbedrifter i tidleg fase som utviklar eit nytt produkt, ei teneste eller ein produksjonsprosess – og som har ambisjonar om å vekse.

Samlingar og innhald

Rask Oppstart er basert på Disiplined Entrepreneurship-metodikken, og er ein systematisk tilnærming for å lukkast med ein StartUp. Programmet gir ein raskare og tryggare veg frå Idè til kommersialisering.

Vi møtast til tre samlingar frå kl. 09.00–14.00. Fyrste samling er 25.september. Stad for samling blir fastsett når deltakargruppa er klar, basert på kva kommunar deltakarane kjem frå. Samlingane blir lagde til Sogn, Sunnfjord eller Nordfjord.

Mellom samlingane får du individuell oppfølging og rådgjeving frå vare forretningsutviklarar.

Gjennom samlingane jobbar vi med:

  • Kven er kunden?
    Innsikt i brukar- og marknadsforståing.

  • Kva verdi skapar du?
    Kva problem løyser du, og korleis kjøper kunden produktet ditt?

  • Korleis tene pengar?
    Forretningsmodell, prissetjing og strategiske val.

  • Design og utvikling
    Smidige metodar for å kome raskt frå idé til test.

  • Pitching
    Korleis presentere prosjektet ditt på ein klar og engasjerande måte.

På siste samling får du møte representantar frå verkemiddelapparatet i Sogn og Fjordane, der du kan vise fram arbeidet ditt og få nyttige tilbakemeldingar.

Søknad om deltaking og pris

Kurset er kostnadsfritt for deltakarar og er finansiert av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Kunnskapsparken Vestland.

Det er begrensa antall plassar på kurset med fortløpande opptak. Når søknaden er mottatt vil du bli kontakta av ein av våre Forretningsutviklarar.

 
 

Søk om å bli med her:

Har du spørsmål? Kontakt oss!

Hilde Grinde

+47 908 57 937

hilde@kpvest.no

Stig Ove Rygg

+ 47 98 11 06 80

stig@kpvest.no