Klynger og nettverk

Vi set deg i kontakt med dei rette folka.

kpv-blue2.png
Falkeblikk AS - 20210826 Kunnskapsparken Vestland D850_3799_WEB.jpg

Vi samhandlar i nettverk og klynger

Vi samarbeider med fleire forskings-, utviklings- og gründermiljø i vår region. Dette gir oss tilgang til eit stort og kompetent nettverk – eit nettverk for gründerar i tidleg oppstartsfase, for etablerte bedrifter og ikkje minst eit nettverk for å kunne kommersialisere FoU-resultat.

 
Falkeblikk AS - 20210826 Kunnskapsparken Vestland D850_3754_WEB.jpg

Meirverdi for bedriftene

Å arbeide i nettverk og nytte seg av dei moglegheitene dette gir, vil bidra til meirverdi for bedriftene. Vi kan sette deg i kontakt med dei rette folka innan ditt fagfelt, som igjen kan hjelpe deg på vegen mot kommersialisering, nye produkt og nye marknader.

 
FUS_Grunderkontoret_Campus_1483.jpg

Bli ein del av eit kontorfellesskap

Vi kan tilby plass i kontorfellesskap i Sogndal (FUS), Førde (Peak) og Nordfjordeid, der du kan knyte kontakt med potensielle samarbeidsaktørar.

 
Falkeblikk AS - 20210826 Kunnskapsparken Vestland D850_3730_WEB.jpg

Vi skapar bedriftsklynger

Samarbeid mellom bedrifter og kunnskapsmiljø gir auka verdiskaping. Kunnskapsparken bidreg også med etablering av bedriftsklynger – klynger av bedrifter som gjennom samarbeid søker å utvikle nye berekraftige produkt og nye marknader.

 

Klyngeprogram

Norwegian Innovation Clusters er eit statleg finansiert klyngeprogram som skal bidra til verdiskaping gjennom berekraftig innovasjon.  Programmet er inndelt i tre nivå der Arena-programmet er første nivå. Forskningsrådet, Siva og Innovasjon Norge er programeigarar.

 

Arena-programmet tilbyr finansiell og fagleg støtte til langsiktig utvikling av regionale klynger. Formålet er å stimulere til auka innovasjon gjennom forpliktande samarbeid mellom bedrifter, FoU- og utdanningsaktørar og offentlege utviklingsaktørar.