Innovasjonsdagen Sogn 2026

Innovasjonsdagen Sogn -26
Frå moglegheit til endring og resultat

Fredag 18. september inviterer Innovasjon Norge, Sogn Næring og Kunnskapsparken Vestland til Innovasjonsdagen Sogn på Quality Hotel Sogndal. Innovasjonsdagen er møteplassen for næringsliv, gründerar og utviklingsaktørar som ønskjer innsikt i korleis teknologi, innovasjon og nye arbeidsmåtar formar morgondagens næringsliv.

Årets tema er «Frå moglegheit til endring og resultat». Gjennom inspirerande foredrag og konkrete døme utforskar vi korleis verksemder kan omsetje nye moglegheiter til faktisk verdiskaping og vekst.

Blant årets foredragshaldarar finn vi professor og KI-ekspert Morten Goodwin, som deler konkrete råd om korleis bedrifter kan ta i bruk neste generasjon kunstig intelligens for å skape konkurransefortrinn og vekst. Vi får også besøk av Ingvild Moen og Olav Mellingsæter, to av Noregs fremste ekspertar innan digital marknadsføring, teknologi og kundeinnsikt. Dei er kjende for å kombinere marknadsføring, psykologi og kunstig intelligens som gir bedrifter betre grunnlag for å ta gode avgjerder og oppnå betre resultat.

Deltakarane får også møte to gründere som deler si eiga gründerreise. Her får vi høyre om utfordringar og kva som skal til for å utvikle ei idé til ei berekraftig og vekstorientert verksemd.

Innovasjonsdagen handlar ikkje berre om å forstå utviklinga rundt oss, men om å omsetje innsikt til handling. Så bli med og få fagleg påfyll, nye perspektiv og moglegheita til å knyte nye nettverk.

 
 
Hilde Grinde