SognaPitch 2026

frå Kunnskapsparken Vestland og Sogn Sparebank


 
 

I samarbeid med Sogn Sparebank vil me gje fleire moglegheit til å ta ideen sin vidare.

 
 
 

Sognapitch 2026

Møt framtida – i Flåm

15. oktober på Næringskonferansen i Flåm har du ein unik sjanse til å møte tre modige gründerar som skal presentere sine idear og de får sjå korleis nye tankar kan skape nye forretningsmoglegheiter og vekst i regionen vår.

Les meir om konferansen, sjå heile programmet, og meld deg på her.

Næringskonferansen i Flåm arrangerast årleg av Norways Best. SognaPitch er ein eigen bolk i konferanseprogrammet og skal vera ein arena der gründarar og driftige folk er i fokus. Her får deltakerane mulegheit til å vise fram sine forretningsidéar.

 
 

Gründarane får mulegheit til å

  • bygge nettverk

  • utveksle erfaringar

  • bli inspirert og få ny kunnskap

  • få hjelp til å utvikle sin eigen pitch

Premiar frå:

 
  1. plass 30.000kr

  2. plass 20.000kr

  3. plass 10.000kr

Premiane skal gi gründerane ein god start på utviklingsfasen og større sjanse til å lykkast med utvikling, testing og kommersialisering av ideen sin.

Juryen består av Sogn Sparebank, Kunnskapsparken Vestland og Norway’s Best

 

Desse skal pitche i år:

Baremark:

 

Tone Berge, dagleg leiar i Baremark AS

Baremark utviklar biologiske fallunderlag for leikeplassar og uterom – laga for å erstatte dagens fossilbaserte løysingar med nye produkt av naturlege råvarer og soppmycel.

Baremark vil vise at materiale vi i dag lagar av plast og gummi, kan byggast på ein heilt annan måte. Ved hjelp av mycel og norske lågverdiråvarer utviklar vi eit fast og støtdempande fallunderlag med mål om å kombinere tryggleik, universell utforming og biologisk materialbruk.

Vi har testa løysinga i pilotprosjekt i Bergen, Oslo og Trondheim, og arbeider no med å ta teknologien vidare frå pilot til ein robust og skalerbar produksjonsprosess.

Tone Berge er dagleg leiar i Baremark og har bakgrunn frå arkitektur og utvikling av sirkulære og biobaserte løysingar.

 
 

Rosvold Energy Consulting:

Knut-Erlend Rosvold, grunnleggjar av Rosvold Energy Consulting.

Rosvold Energy Consulting utviklar DC-Gateway, ei løysing som gjer det mogleg å ettermontere batterilager på eksisterande solcelleanlegg utan å byte ut inverteren. Målet er å gjere energilagring enklare, rimelegare og meir tilgjengeleg for hushald som allereie produserer sin eigen straum.

Prosjektet er i utviklingsfasen, og arbeidet no handlar om å ta konseptet vidare til prototype, patent og marknadsvalidering. Ambisjonen er å utvikle ei løysing som kan skalerast til eit internasjonalt marknad med millionar av eksisterande solcelleanlegg.

Knut-Erlend Rosvold har arbeidd med solenergi og energilagring i meir enn 15 år, og har erfaring frå både den europeiske og asiatiske energibransjen. Gjennom Sognapitch ønskjer han å få innspel på korleis teknologien kan utviklast vidare og finne vegen til marknaden.

 

Matera Luster

Matthew Dalziel, dagleg leiar av Matera

Matera Luster utviklar og produserer biobaserte byggematerialar for den norske marknaden. Verksemda arbeider med naturlege byggematerialar med lågt klimaavtrykk, som kan erstatte plastmembranar, målingar og gipsplater med sunnare og meir berekraftige alternativ.

Den fyrste satsinga er å etablere ein fabrikk for leirbaserte byggeplater i Luster, den første i sitt slag i Noreg. Platene vert laga av plantefiber og lokal leire og tørka med spillvarme. Slik tek produksjonen i bruk ressursar som i dag i stor grad ikkje vert nytta.

Løysinga byggjer på teknologi og produkt som er godt utprøvde i Europa, men som framleis er lite brukte i Noreg. Ambisjonen er å bidra til sunnare bygg med betre inneklima, lågare klimagassutslepp og auka lokal verdiskaping gjennom berekraftig materialproduksjon.

Teamet består av arkitekt og grunnleggjar Matthew Dalziel, saman med Troels Rosenkrantz Fuglsang og Stein Stoknes. Gjennom Sognepitch ønskjer dei innspel på vidare utvikling, partnarskap og etablering av produksjon i Luster.

 

Les meir om konferansen, sjå heile programmet, og meld deg på her.

 

Kontaktperson:

 
 

Stig Ove Rygg