Gjennom Hiquid Food vil Heidi lage sondemat av reinsdyrkjøt og torsk

GLOPPEN: Har ikkje alle menneske rett på mat av reine råvarer? Det var spørsmålet Heidi Aabrekk stilte seg, etter å ha sakna flytande mat med tilstrekkeleg næring i årevis. No tek ho saka i eigne hender.

Målet er å kunne tilby ein suppeserie til menneske med tyggje- og svelgjevanskar, laga av reine råvarer, forklarer Aabrekk. Som mor til ein gut avhengig av flytande næring, har Aabrekk nytta tallause timar gjennom 16 år på å koke suppe. Mange toler dei syntetiske løysingane ein får på blå resept godt, men hennar son vart kvalm og uvel av sondeernæringa han fekk tilbod om.

Gjennom nysatsinga Hiquid Food AS går ho sjølv i spissen for å gi folk som treng mat gjennom sonde eller knapp, eit alternativ til dagens løysing. Hiquid Food sin suppeserie vil bli fram stilt av frysetørka pulver av kjøt, fisk, grønsaker, frukt og bær fortrinnsvis frå Norge. Målet er at frysetørka suppe skal kunne distribuerast landet rundt, og på sikt ut i Europa.

«Pitcha» seg til topps

Aabrekk har i snart 20 år engasjert seg for mat og ernæring, men det var først i fjor at ho tok steget og lufta idéen for eit større publikum.

Då eg fekk høyre om Kunnskapsparken sin pitchekonkurranse fekk eg det siste «skubbet» eg trengte for å kome i gang, forklarer Aabrekk. Ideen ho lenge hadde brygga på nådde heilt til topps.

Prosessen har gått raskt sidan eg blei tatt opp som inkubatorbedrift. Dei har følgd meg godt opp, sett oppmøter med viktige personar, hjelpt meg med søknadsskriving og generelt gitt meg god drahjelp. Det har vore enormt utslagsgivande for at ting no har gått så fort som det har gjort.

Med seg på laget har ho også eit team av kliniske ernæringsfysiologar, forskarar og matprodusentar.

Stor kundegruppe med få alternativ

Aabrekk syner til at det i dag er om lag 3000 pasientar som får syntetisk sondeernæring på blå resept. I tillegg er det fleire som får sondenæring på institusjonsopphald, eller lagar den sjølv.

Fleire eg har snakka med blir overraska når dei høyrer kva alternativ denne pasientgruppa har i dag.

Forskinga viser tydeleg at mat ikkje berre er kaloriar inn og ut, men at samansetjinga også er av stor betydning for blant anna tarmflora og immunforsvar. Med denne kunnskapen til grunn meiner ho det er viktigare enn nokon gong at vi som samfunn anerkjenner viktighetenav reine råvarer for alle menneske.

Første produksjon like rundt hjørnet

Aabrekk har som mål å skaffe dei fleste råvarene lokalt, for å sikre god kvalitet og kontroll på alle ledd i verdikjeda. Pulveret skal rørast ut i kokande vatn og tilsetjast olje. Når temperaturen og konsistensen er god kan ein gi suppa rett i knappen. Foto: Cecilie og Christian.

Etter månader med grundige undersøkingar og samtalar med produsentar og leverandørar, er første testproduksjon snart klar.

Eg er sjølvsagt veldig spent på korleis det går, då vi er svært oppteken av at matsikkerhet og regelverk er ivaretatt. Aabrekk er budd på at vegen mot kommersialisering framleis kan by på utfordringar, men ho håpar likevel at tida no er moden for å la råvarene spele hovudrolla.

Målet er å kunne tilsette fleire, som saman med våre kliniske ernæringsfysiologar kan vidareutvikle produksjonen inn mot helsesektoren. Eg trur dessutan råvarene våre vil appellere til fleire nordiske land, og gjerne utover i Europa