Ny programvare reknar ut løna til fiskemannskapet

TEAMET I HAVTECH: Kristoffer Hatlevik (utviklar), Kjartan Habbestad (dagleg leiar) ,Ann Kathrin Haarklau (marknadsansvarleg), Tor Einar Erikstad (styreleiar)

ASKVOLL: – Fangst, kostnader, marknadsprisar og timar om bord avgjer løna. Det er eit nisjeprega, komplekst oppgjer.

Det seier dagleg leiar i Havtech, Kjartan Habbestad. Gründerbedrifta frå Holmedal har utvikla ei ny programvare som skal forenkle kvardagen om bord på fiskerifartøy.

Målet er å nyttegjere seg av data ein allereie har, ved at ein gjer det tilgjengeleg for både mannskap og reiarlag.

- Vi skal ikkje tilføre meir arbeid eller rapportering, men effektivisere jobben som allereie blir gjort, forklarar dagleg leiar i Havtech, Kjartan Habbestad.

Starta som utfordring frå kunde

Det var då rekneskaps- og rådgjevingsselskapet Havtal blei utfordra av eigne kundar at ballen byrja rulle. Reiarlaga ønskte seg eit betre samhandlingsverktøy knytt til mannskap og administrasjon, medan mannskapet ønskte ei føreseieleg oversikt over oppgjeret om bord.

– Vi involverte både mannskap og reiarlag i arbeidet med å digitalisere delar av verdikjeda, forklarer Habbestad.

Dei blei starten på Havtech og programvara «Ombord».

Nisjeprega, komplisert oppgjer

Reknestykket den har fått bryne seg på er sett saman av fleire relativt komplekse faktorar.

– Summen på oppgjeret er avhengig av kva fisk ein får, kva kostnader ein har, marknadsprisar og kor lenge den enkelte har vore med på fangsten. Det er eit nisjeprega, komplekst oppgjer, forklarer Habbestad. I tillegg til å rekne ut løn til mannskapet, skal programvara styre kommunikasjon og rapportering mellom båt og land.

– Fiskeribransjen kjenner vi godt, men her gjeld det å vere leiande også på teknologi. Vi har brukt mykje tid på å sikre oss gode bransjefolk og på å bygge opp eit solid teknologimiljø.

Gode støttespelarar på vegen

Etter eit år med design og utvikling lanserte Havtech i august første utgåve av Ombord.

Mykje har skjedd dette første året, korleis har reisa vore?

– Å starte ei ny bedrift vil alltid vere krevjande, men vi har hatt gode støttespelarar gjennom Kunnskapsparken Vestland og Innovasjon Norge. Vi har også fått inn god kompetanse på eigarsida med Elis-gründer Ove Myklebust, som har verdifull erfaring med teknologibygging i det lokale kompetansemiljøet.

Internasjonal satsing på sikt

Ombord er ei levande programvare, som framover vil testast og justerast i tett dialog med bransjen. Litt lenger fram i tid ligg også ambisjonane om å nå ein internasjonal marknad.

– Programvara er utvikla med utgangspunkt i norske fiskeflåtar og anna turnusgåande skipsfart, men vi har ambisjonar om å ta det utover eigne landegrenser. Å drive mannskapsberekning er ikkje noko særnorsk og sjølve samhandlingsplattforma strekkjer seg utover fiskeribransjen. Programvara koplar økonomiske krefter, saman med fiskeri og teknologi, for å løyse eit universelt behov på marknaden, avsluttar Habbestad.