Fruktbart samarbeid med Innovasjon Norge

Vi jobbar tett i same økosystem. Det trur eg kjem gründerane til gode, fortel Leif Inge Husabø, konstituert avdelingsleiar i Innovasjon Norge.

Innovasjon Norge har kontor på andre sida av gangen forKunnskapsparken Vestland, i innovasjonsbygget på CampusSogndal. Vi møtast ofte ved kaffimaskinen, jobbar med deisame gründerane og arrangerer med jamne mellomrom fellesarrangement.

Det er eit tett samarbeid, ja. Og etter at vi flytta i same byggfor fem år sidan, har samarbeidet blitt enno meir fruktbart.

Utfyllande tilbod

Husabø fortel at samarbeidet omfattar å jobbe i sameøkosystem, men at dei ofte jobbar med idear og gründerane ilitt ulike fase - noko dei er bevisste på.

Kunnskapsparken er ofte ein god plass å begynne. Her får gründeren støtte og hjelp til å profesjonaliserast, og gjerne tilgang til startkapital. Det er ein veldig styrke når gründeren kjem til oss, at dei er meir profesjonalisert og klar for våre tilbod og program, fortel avdelingsleiaren.

Hilde Grinde forretningsutvikler i Kunnskapsparken Vestland AS

Hilde Grinde i Kunnskapsparken fortel korleis dei ofte er i dialog med gründerane før forretningsidé og marknad er heilt avklart.

Her vil vi, som forretningsutviklarar i 1:1-møte og workshop, jobbe vidare for å spisse forretningskonseptet. Det gjer at gründerane blir tydelegare i sitt bodskap, og at dei enklare kan få gjennom ein søknad til Innovasjon Norge og nyte godt av alle dei gode programma og folka som finst der.

I tillegg så vil støtte frå Innovasjon Norge ofte innehalde krav om eigenkapital. Her har vi i Kunnskapsparken lang erfaring og stort nettverk og kan hjelpe selskapa i investor prosessen, fortel Grinde.

 

Innovasjon Norge

Innovasjon Norge er staten og fylkeskommunane sitt verkemiddel for å realisere verdiskapande næringsutvikling i heile landet. Dei bidrege til berekraftig vekst og eksport for norsk næringsliv gjennom kapital og kompetanse.

 

Ein rural region

Sogn og Fjordane er ein rural region der ein bur spreidd. Det er store avstandar og fragmentert næringsstruktur. Vi opplever eit spennande og variert næringsliv her, som også hevdar seg internasjonalt.

Vi har mange døme på suksessrike nasjonale og internasjonale bedrifter frå regionen vår. Dei er gode ambassadørar og deler av sin kunnskap og erfaring i ulike arrangement og møteplassar. I tillegg så er aktørane i verkemiddelapparatet flinke til å samarbeide, fortel Grinde.

Dette, saman med eit tett samarbeid med regionale og nasjonale forskings- og utviklingsmiljø, nasjonale klynger og andre verkemidlar for innovasjon, gjer at vi kan kople mindre bedrifter med rett miljø og nettverk. På denne måten blir barrierar for nødvendig omstillingsarbeid redusert, og bedriftene får tilgang på nettverk og kompetanse som dei elles ikkje ville hatt.

Husabø utdjupar kva det betyr for dei som nasjonal aktør. Vi treng regionale samarbeidspartnarar, og då er Kunnskapsparken ein god og kompetent partnar her i Sogn og Fjordane. Dei har mykje kunnskap og lang erfaring, og er samansett av dyktige rådgivarar. Det har ein stor verdi for oss.

Mange verdifulle samarbeid

Gode innovasjonsmiljø er viktig for å nå nasjonale og regionale målsetnad for omstilling, innovasjon og vekst. Det er mange som ynskjer å fremje vekst og innovasjon.

Kunnskapsparken har gjennom eigarstrukturen fått mandat og tatt ei aktiv rolle for å vidare utvikle innovasjonsstrukturen i regionen. Gjennom fagarrangement, møteplassar, eigne prosjekt og kopling til større kompetanse og innovasjonsmiljø bidreg vi til infrastruktur og ressursar for utvikling av regionen. Slik gjer vi ressursar tilgjengeleg også for dei mindre bedriftene, fortel Grinde.

Innovasjon Norge ynskjer også å bidra til berekraftig vekst og sterke innovasjonsmiljø, både nasjonalt og internasjonalt. Då gir gode samarbeid oss betre slagkraft, supplerer Husabø.

Og hadde vi ikkje hatt så god dialog, hadde vi nok gått litt oppå kvarandre. Vi ynskjer jo det same, og kan til tider jobbe litt parallelt. Men då er det veldig verdifullt at vi har utvikla eit så godt samarbeid og å kjenne kvarandre så godt som vi gjer.

Guest Userkapital, region