Norse Feedback i Førde

Norse Feedback

Norse Feedback er eit verkty som er utvikla for å måle og monitorere klinisk utfall, kommunisere betre med pasientane, samt hjelpe behandlarar og helsetenester med å betre behandlingskvaliteten og -tilbodet over tid.

Lokasjon: Førde
Etablert: 2018
Inkubator: 2018 - d.d. (KPV inne på eigarsida)
Dagleg leiar, Joachim Vie

Link til nettside.

Kor er bedrifta i dag?

Vi har ein organisasjon på 14 menneske som jobbar mot same mål, og vi har kommersielle avtaler med betalande brukarar av Norse. Vi har undervegs finansiert opp selskapet med ekstern kapital. Ytterlegare forsterka i siste runde med ein profesjonell nasjonal aktør, som også er med i styret. 

Kva rolle har Kunnskapsparken hatt?

KPV var sterkt inne i starten av selskapet, med etablering av selskap og i oppfinansiering i tidleg fase. 

Største opptur?

Valet om å satse kommersielt mot ei ny målgruppe (med same produkt) har gitt suksess og ytterlegare traction.  

Bedrifta om eit år?

Om eit år har vi tredobla talet på brukarar av Norse og har ekspandert til minst to land utanfor Noreg.

inkubatorGasta Design