Digital Revisor i Førde

Digital Revisor

Ein samla plattform tilegnet regnskapsførere, controlere og revisorer og deres kunder.

Lokasjon: Førde
Etablert: 2017
Inkubator: 2019 - d.d.
Roger Hopland, dagleg leiar

Link til nettside.

Kor er bedrifta i dag?

Digital Revisor starta med bakgrunn i Roger Hopland (dagleg leiar) si erfaring innan rekneskap og revisjon. Etter mange år som revisor såg han at utviklinga i bransjen gjekk sakte og bestemte seg for å gjere noko med dette. I dag leverer vi ein bedriftsportal som effektiviserer arbeidskvardagen til brukarane, også utanfor hovudmålgruppa, samt ei rekke spesialutvikla verktøy som eksempelvis digital signering og fleire tidsbesparande løysingar for rekneskap- og revisjonsbransjen. 

Kva rolle har Kunnskapsparken hatt?

KPV har vore ein svært viktig samarbeidspartner i prosessen. Støtte i prosessar, spesielt knytt mot det offentlege, som DR i utgangspunktet ikkje har erfaring med, har vore avgjerande for å kunne gjennomføre våre mål.

Største opptur?

Vi er framleis i utviklinga av vårt system og jobba lenge med å finne nøkkelpersonar som kunne akselerere prosessen. Vinteren 2021 falt mange av disse brikkene på plass og vi tok store steg i utviklinga. Dette førte vidare til fleire nye samarbeidspartnar og realiserte vår visjon ytterlegare.

Bedrifta om eit år?

Om eit år vil Digital Revisor levere gode løysingar for det digitale kontoret og eit heilt nytt metodeverktøy for regnskap og revisjonsbransjen.

inkubatorGasta Design