Kva skjedde med Rocketfarm?

Rocketfarm-gjengen.jpg

Inkubatorbedrifta har blitt til to internasjonale selskap, med over 30 tilsette.

  • Lokasjon: Sogndal

  • Tilsette: 32

  • Etablert: 2008 og 2017

  • Inkubatorbedrift: 2008-2011 (Rocketfarm), 2012-2016 (nLink)

  • KPV si rolle: Lokale, nettverksbygging og dei første finansieringsrundane.


Det starta med tre gründerar og eit verktøy for timeregistrering på nett. No er robotteknologien deira god butikk, med eit nedslagsfelt frå USA til New Zealand.

-  Selskapet blei starta i studietida og eg trur det var avgjerande for satsinga at me tidleg fekk ei kopling til Kunnskapsparken. Dei var raskt på ballen og me opplevde heile prosessen som lettbeint og lite byråkratisk, forklarer grunnleggjar og prosjektleiar, Halvor Gregusson i Rocketfarm og utdjupar:

- Me hadde mange detaljar som skulle på plass og inkubatorordninga gav oss eit system å gjere det gjennom. Det har i stor grad vore med og definere oss som den Sogndalsbedrifta me er. Me er kanskje ikkje etablert i nærleiken av den største, private pengemarknaden, men har fått gode nettverk på investorsida – og folk i området som har stor tru på oss.

Ei meir kommersiell retning

I 2012 blei også søsterselskapet nLink etablert. Med lanseringa av verdas første robot for boring i betongtak, var den internasjonale bransjens merksemd retta mot gründerbedrifta frå Sogn. Mellom dei som fatta interesse var verktøysgiganten Hilti, som i 2017 kjøpte seg inn på eigarsida.

I 2019 tok Rocketfarm steget frå konsulenthus og ut i produktverda, med robot-programvare og teknologi retta mot industrien. Med lanseringa av Pally, ei produktsatsing knytt til løft av øskjer frå samleband til palle, traff dei ei nisje på den internasjonale marknaden som stadig blir større.

- Dei siste åra har me jobba mykje med å få det kommersielle på plass. Frå å vere teknisk retta mot web og telefon, har me spesialisert oss meir inn mot robotikk og automasjon. Dette er heilt i tråd med utdanninga og kompetansen gjengen vår har til grunn.

Hovudtyngda av Rocketfarm sine kundar er i dag fordelt over USA og Europa.

 - Me har veldig spennande ting på gang og er inne i ein fase der me jaktar kapital i 20-millionarsklassen. No skalerer me opp internasjonalt, avsluttar Gregusson.