Kva skjedde med Melin Medical?

Ingvill Hestenes, dagleg leiar i Convene AS.

Ingvill Hestenes, dagleg leiar i Convene AS.

Gjennom sjølvbetente løysingar for betaling og administrasjon, handterer selskapet frå Sandane meir enn 15 millionar transaksjonar frå sju millionar menneske.

  • Lokasjon: Sandane, med kontor i Oslo, Sverige og Danmark.

  • Tilsette: I underkant av 200

  • Etablert: 2010

  • Inkubatorbedrift: 2009 - 2012.

  • KPV si rolle: Gode råd og rettleiing innan administrasjon og finansiering, deriblant søknadar om Innovasjon Norge midlar, rekneskap og inngåing av avtalar m.m.


Det heile starta med ein fastlege på Sandane som opplevde at administrativt arbeid slukte verdifull tid, som han heller ønskte å bruke til behandling av pasientar. Denne fastlegen, Jesper Melin Ganc-Petersen, kom difor opp med ideen om å utvikle ei sjølvbetjent betalingsløysing. Målet var å gjere pasientar teknologisk sjølvhjelpne – og slik oppstod Melin Medical.

- Me nyttar teknologi for å effektivisere administrative tenester og betaling innanfor ei rekke bransjar som helse, trening og bedriftsmarknaden, fortel dagleg leiar Ingvill Hestenes.

Løysingane deira handterer i dag alle betalingar; frå mobilbetaling, til fakturering, oppfølging og finansiering.

- På denne måten sørger vi for at alle våre kundar får betalt for tenestene dei leverar. Mangfaldet av brukarar er stort, så universell utforming er grunnleggjande for måten me jobbar med teknologi på,  

Då Hestenes kom inn i Melin Medical i 2013, var det som dagleg leiar for ei bedrift med 16 tilsette og 30 millionar i omsetnad. I dag syter dei nærare 200 tilsette for ein omsetnad på ein halv milliard kroner.

Framover i ny drakt

For å samle selskapet og bygge merkevara mot ein større marknad, blei Melin Medical og søsterselskapet Melin Collectors i fjor omgjort til Convene. I dag er dei leiande leverandør av sjølvbetente løysingar for betaling og administrasjon.

- Veksten innanfor helse og trening har vore god. Konsernet bevegar seg no i ei retning som famnar breiare om teknologi og finans. Me ønska derfor å danne ei felles plattform for heile konsernet, med ein felles identitet og kultur. Convene spelar på det engelske ordet “convenient”, som viser til det enkle. Dette skildrar kjernen vår; å levere teknologiske løysingar til konkrete utfordringar som kundane våre har i kvardagen, forklarer Hestenes.

Kva har draghjelpa frå Kunnskapsparken hatt å seie for den store utviklinga de har hatt?

- Litt av Kunnskapsparken sitt mantra er at dei skal være fleksible rundt gründeren og ta rolla som potet og sparringspartner på det selskapet ikkje nødvendigvis har kompetanse på sjølv. Dette fekk vi. Det å ha denne verktøykassa, samt tilgang til hjelpemiddelapparatet var viktig for oss.