Studietur til Balestrand og Kviknes Hotel 27. - 29. januar
Bli med oss på studietur til Balestrand for fagleg påfyll, inspirasjon og fellesskap
Tema: “Meg som leiar”
Målgruppe:
Øverste leiar i selskapet
Mellomleiarar med ansvar for prosessar og mennesker
Medarbeidarar med leiareigenskapar og som er tenkt inn i ei leiande stilling i selskapet på sikt
Studietur med fokus på leiing
Uansett om du er gründer eller om du har di erfaring frå selskap som har eksistert i lang tid så er er følgande likt: -Det er både krevjande og givande å stå i leiarrolla.
I regionen vår finst det ei imponerande breidde av både bedrifter og enkelpersonar som har lykkast med å skape arbeidsplassar, utvikle konsept og drifte lokalt med suksess. Vi har alle noko å lære av kvarandre sine erfaringar, og difor gjentek vi fjorårets suksess: Studietur med fokus på leiing.
Vi har med oss Erik Slinning, ein framtredande ekspert på leiar- og team-utvikling, som med energi og erfaring frå toppleiarverda vil utfordre deg til å sjå deg sjølv utanfrå – og til å ta aktive val for ditt eige leiarskap.
“Frå meg og mitt til vi og vårt”
Erik Slinning har erfaring med design, faginnhold og gjennomføring av leder- og ledergruppe utvikling i flere tiår.
Han har hjulpet utallige organisasjoner i Norge og internasjonalt.
Hans tilnærming integrerer praktisk kunnskap, praksislæring, inspirerende fortellinger og dyp innsikt i gruppedynamikk.
Er du trygg på kven du er som leiar – og kvifor du leier slik du gjer?
Eller har du nokon gong kjent på at rolla krev meir av deg enn du hadde sett for deg?
Leiarskap handlar ikkje berre om å skape resultat – det handlar om deg. Om vala du tek, korleis du påverkar andre, og kva som skjer når du ikkje er bevisst på det.
På denne samlinga tek vi tak i leiaren bak rolla.
Du får tid og rom til å reflektere over dine eigne verdiar, drivkrefter og val – og kva det gjer med både deg og dei du leier.
Gjennom dagen blir du utfordra til å kjenne etter:
Kva er mitt indre kompass som leiar?
Kva står eg for – og korleis viser det seg i kvardagen?
Kva slags leiar ønskjer eg eigentleg å vere?
Fellesskap, tryggleik og gode relasjonar
I tillegg til det faglege legg vi stor vekt på det sosiale og det mellommenneskelege. Gjennom felles måltid, samtalar og gode opplevingar i Balestrand blir vi betre kjent – som kollegaer, samarbeidspartnarar og menneske. Når ein kjenner kvarandre, er det enklare å dele erfaringar, be om råd og bruke kvarandre som støttespelarar i kvardagen.
Dette handlar om å byggje tryggleik og fellesskap i næringslivet i regionen – og om å bli litt flinkare til å bruke kvarandre.
Program
Pris
Målbedrifter i Næringshagen og bedrifter tilknytta inkubatorprogrammet i Kunnskapsparken Vestland vil kunne innovasjonsstøtte for deltakelse. For målbedrifter i Næringshagen vil dette kunne utgjøre opptil 75% innovasjonsstøtte.
Marknadspris for turen er: 23 400,-
Pris for målbedrifter med 75% innovasjonsstøtte: 5 850,- pr person
Bedriftar utanfor Næringshageprogrammet og Inkubatorprogrammet er velkommen til å bli med, men må då betale fullpris for turen eller bli medlem.
Meld deg på her:
Har du spørsmål? Kontakt oss!
Sigrid Førde
sigrid@kpvest.no
400 21 567
Runhild Fedøy
runhild@kpvest.no
980 83 950