Erasmus+‑prosjekt styrker grønn omstilling i små og mellomstore bedrifter

I 2025 gjennomførte Kunnskapsparken Vestland, i samarbeid med Sogn Næring, Høgskulen på Vestlandet og Drivhuset Göteborg, Erasmus+‑prosjektet «SMBar fram i den grøne omstillinga». Prosjektet hadde som mål å styrkje kompetansen i det regionale virkemiddelapparatet og bidra til at små og mellomstore bedrifter (SMB‑ar) i Sogn og Fjordane lettare kan utvikle berekraftige og sirkulære forretningsmodellar.

Læring og erfaringar frå innovasjonsmiljøa stod sentralt i prosjektet, og vart aktivt nytta for å styrkje og vidareutvikle måten berekraft blir integrert i forretningsutvikling – som ei strategisk moglegheit, ikkje berre som eit krav.

Gjennom studiebesøk til Göteborg og Sogn, workshopar for SMB‑ar og undervisning for studentar, vart det delt erfaringar, verktøy og metodar for berekraftig entreprenørskap.

Prosjektet har styrka rådgjevingskompetansen og resultert i fleire idear til vidare samarbeid.

Erasmus+‑prosjektet har lagt grunnlag for vidare arbeid med grøn omstilling der partnarane vil ta med seg læringa vidare i arbeidet sitt med bedrifter, studentar og nye utviklingsprosjekt.

 
 
Hilde Grinde