Studietur med tema Rekruttering
Kven er det eigentleg som skal skape veksten i bedrifta di dei neste åra?
Oppdraga kjem. Moglegheitene ligg der. Men dei rette folka? Dei er ikkje så enkle å finne. Denne samlinga er for deg som vil stoppe opp, stille dei vanskelegare spørsmåla – og jobbe konkret med kva som skal til for å tiltrekke og ta vare på dei du treng.
Kva gjer du om du ikkje får riktige søkarar?
Lyser du ut ein gong til – og håpar på eit anna resultat? Eller stoppar du opp og stiller dei litt vanskelegare spørsmåla?
Korleis framstår vi eigentleg som arbeidsgivar?
Kva ser potensielle kandidatar når dei møter oss – og kva kjenner dei?
Og ikkje minst: Kva må vi endre for å faktisk tiltrekke oss dei vi ønskjer?
1.–2. juni inviterer vi til ei lun og inspirerande lunch-til-lunch samling på Jølstraholmen Landskapshotell – midt i vakre omgjevnader som gir rom for både refleksjon og gode samtalar.
Dette blir ikkje berre ein fagleg møteplass. Det blir ein arena for deg som vil forstå meir, dele erfaringar og jobbe konkret med eigne utfordringar. Du møter andre som står i dei same spørsmåla som deg. Du får nye perspektiv – og kanskje nokre svar du ikkje visste at du trengde.
Og kanskje viktigast:
For deg som veit at framtida ikkje kjem av seg sjølv – ho blir skapt av dei du har med deg.
Program
Kva kan og kan man ikkje gjere i ein rekrutteringsprosess?
Kva må ein tenke på juridisk?
Kva er employer brading?
Advokat Arvid Mellingen v/Advokatfirmaet Tollefsen kjem for å snakke om blant anna:
- Kva har ein lov og ikkje lov til å spør om i ansettelsesprosessen under intervju?
- Kva har ein lov til/ikkje lov til å definere og skrive i stillingsannonsa?
- Korleis handtere når kompetansen din er sjukmeld?
Karianne Hartviksen har lang relevant erfaring både frå leiing, rekruttering og synlegheit. Ho kjem for å snakke om blant anna:
- Dagens rekrutteringsmarked
- Kva er employer branding?
- Korleis treffe kandidatane du ønskjer?
- Verktøy for å være meir synleg
I tillegg til det faglege kjem vi til å bli betre kjent gjennom morosam aktivitet og felles middag på kvelden. Overnatting på nydelege Jølstraholmen Landskapshotell er inkludert i prisen.
Kva er det eigentleg som gjer at vi ikkje får tak i dei rette folka?
Er det måten vi leitar på – eller måten vi blir oppfatta på?
Er det kompetansen vi etterspør – eller forventningane vi ikkje har sett ord på?
Dag 2 blir leia av Sigrid Førde, forretningsutviklar i Kunnskapsparken Vestland. Ho har mange års erfaring med rekruttering, og har sjølv stått i rolla som leiar med behov for kritisk kompetanse i avgjerande stillingar.
Denne dagen handlar ikkje om fasitsvar. Han handlar om å forstå – saman.
Vi skal:
- utforske kvifor det er vanskeleg å finne dei rette hovuda
- setje ord på utfordringar mange kjenner på, men få snakkar høgt om
- dele erfaringar i trygge rammer
- lære av kvarandre – på ekte
Dette er ein dag for refleksjon, ærlege samtalar og felles problemløysing. Ein dag der vi går litt djupare – og litt nærare det som faktisk betyr noko.
Dag 2 er i samarbeid med Framtidsfylket Vestland. Saman legg vi til rette for ein open og ærleg arena der målet er at vi – i fellesskap – skal klare å setje ord på kva som faktisk står i vegen.
Pris og påmelding
Målbedrifter i Næringshagen og bedrifter tilknytta inkubatorprogrammet i Kunnskapsparken Vestland vil kunne få innovasjonsstøtte for deltakelse. For målbedrifter i Næringshagen vil dette kunne utgjøre opptil 75% innovasjonsstøtte.
Marknadspris for turen er: 14 000,-
Pris for målbedrifter med 75% innovasjonsstøtte: 3500,- pr person
Bedriftar utanfor Næringshageprogrammet og Inkubatorprogrammet er velkommen til å bli med, men må då betale fullpris for turen eller bli medlem.
Ønskjer du å bli vurdert til Næringshageprogrammet og få innovasjonsstøtte på samlinga? Fyll inn dette skjemaet og vi vil ta kontakt med deg: Skjema Næringshage
Meld deg på her:
Har du spørsmål? Kontakt oss!
Sigrid Førde
sigrid@kpvest.no
400 21 567
Runhild Fedøy
runhild@kpvest.no
980 83 950