Gründerane leverer: Sterke resultat og store tildelingar
Fire av prisvinnarane kjem frå inkubatoren vår – det gjer oss både stolte og glade
For Kunnskapsparken Vestland var det ekstra kjekt å sjå at heile fire av bedriftene som fekk tildelingar, er del av inkubatoren vår: Fortloq, Ecosort, EdBox og Balestrand Technologies.
Dette er selskap vi jobbar tett med i kvardagen, og som vi kjenner godt – både som dyktige fagfolk og som kjekke personar å samarbeide med. Desse midlane er viktige og gir fart og retning vidare seier inkubatorleiar Hilde Grinde
Det var fullt hus og høg stemning då Stiftinga Drivkraft delte ut stipend under Drivkraftfesten 8. juni i Førde. Gründerar, investorar og utviklingsmiljø frå heile regionen samla seg for å feire innovasjon og vekst, og det vart delt ut betydelege midlar til lovande oppstartsselskap.
Tildelingar som gir fart vidare
Fortloq og Ecosort fekk kvar sine tildelingar på 500.000 kroner, medan EdBox og Balestrand Technologies fekk 100.000 kroner kvar i spirerstipend, som var retta mot gründarar under 30 år.
Dette er viktig kapital i ein tidleg fase, som gir selskapa moglegheit til å utvikle løysingane sine vidare, teste i marknaden og ta nye steg mot vekst.
Dei fire selskapa representerer breidda i innovasjonsmiljøet:
Fortloq utviklar digitale løysingar for sikker informasjonsdeling og tilgangsstyring. I ein stadig meir kompleks og digital arbeidshverdag bidreg dei til tryggare samarbeid og betre kontroll over sensitiv informasjon.
Ecosort utviklar teknologi for kvalitetskontroll av frukt og bær, basert på sensorar og avansert biletteknologi. Løysinga bidreg til mindre matsvinn, betre kvalitet og meir rettferdig oppgjer for produsentane – og kan styrke heile verdikjeda frå gard til butikk.
EdBox tek tak i ei velkjent utfordring i utdanning: korleis få fleire til å delta aktivt. Gjennom ein digital plattform som legg til rette for anonym fagleg dialog, senkar dei terskelen for å stille spørsmål og engasjere seg i undervisning.
Balestrand Technologies har sitt utspring i tunnelbransjen, og jobbar med å utvikle teknologi som kan bidra til tryggare, meir effektivt og meir berekraftig arbeid i anleggssektoren. Her blir praktisk erfaring kombinert med innovasjon og prototypeutvikling.
Felles for alle selskapa er kombinasjonen av høg innovasjon og tydeleg regional forankring. Løysingane tek utgangspunkt i konkrete behov i næringslivet – enten det handlar om landbruk, utdanning, industri eller digital samhandling.
Gudvin Haraldsson var til stades og tok imot priosen, medan bror og medgründar Sæmundur Haraldsson over med over facetime
I tillegg til prisutdelinga var det interessante innlegg frå Moods of Norway-gründer Simen Staalnacke og Tibber-gründer Edgeir Aksnes på programmet og festen var ein møteplass for å knytta nye kontakter for vidare samarbeid og utvikling.
Vi er stolte av å vere med på reisa
For oss i Kunnskapsparken Vestland er det inspirerande å få følgje selskapa tett gjennom inkubatoren. At Fortloq, Ecosort, EdBox og Balestrand Technologies no får både anerkjenning og støtte, er eit tydeleg prov på kva som skjer når gode idéar får rett støtte.
Vi er stolte av det dei har fått til så langt – og gler oss til å følgje dei vidare.