Innovasjonsdagen Sunnfjord 2026

”Frå moglegheit til endring og resultat”

Innovasjon Norge, Sunnfjord Utvikling og Kunnskapsparken Vestland inviterer til Innovasjonsdagen Sunnfjord på Veslesus i Førde 03.desember!

Med årets tema «Frå moglegheit til endring og resultat» får du ein dag med nye perspektiv, fagleg påfyll, inspirasjon - og møter andre som er opptekne av utvikling og verdiskaping i Sogn.

Dette får du høyre om:

- Nøkkelen til å lukkast i di bedrift med neste generasjon KI v/ Morten Goodwin

Professor og KI-ekspert Morten Goodwin viser korleis kunstig intelligens endrar arbeidslivet og konkurransebiletet – og korleis bedrifter kan bruke KI til å skape verdi, styrkje konkurransekrafta og førebu seg på framtida.

- Frå kaos til kultur – når ingen vil leiast v/ Louise Fuchs

Korleis leier du når autoritet ikkje lenger er gitt? Louise Fuchs viser kvifor tillit, tydelegheit og ansvarlegheit har blitt dei viktigaste verktøya for leiaren, og korleis verksemder kan byggje kultur, skape engasjement og gjennomføre endring når spelereglane i arbeidslivet endrar seg.

Lokale bedrifter og gründerar

Vi løftar fram lokale gründerar og bedrifter som viser at moglegheitene i regionen vår blir til verkelege resultat. Dagen blir avslutta med sofaprat der foredragshaldarane møter gründerar og lokalt næringsliv.

Les meir om programmet her: https://www.innovasjonsdagane.no/program-sunnfjord

Praktisk informasjon:

Dato: Torsdag 03. desember 2026
Tid: Kl. 09.00–14.00
Vi byr på: Minglelunsj på Elvesus, fagleg påfyll, nye perspektiv og inspirasjon
Pris: Kr. 499,- inkl. mva
Stad: Førde, Veslesus

 
 

Arrangert av:

Vår hovudsponsor:

Takk til våre sponsorar:

Runhild Fedøy