Kunnskapsparken er 20 år!

JUBILEUMS-MIDDAG: Hilde Grinde, Kunnskapsparken Vestland (f.v.), saman med xxx, Sigrid Førde, Kunnskapsparken Vestland, og Arve Varden, Helse Førde.

– Kunnskapsparken sin kompetanse har vore ein nøkkel for innovasjon i helsesektoren, meiner administrerande direktør i Helse Førde.

Sidan 2001 har Kunnskapsparken Vestland jobba for å legge til rette for sterke innovasjonsmiljø og vekstkraft i bedrifter i Vestland. Vi har kopla saman kunnskap og idear, og oppretta nettverk som har født nye bedrifter. I desember var det tid for å markere desse 20 åra, den positive utviklinga i næringslivet og alle suksesshistoriene vi har vore ein del av.

– Det er flott å sjå kva som var starten for mange verksemder. I dag er dei blitt til etablerte bedrifter med mange tilsette. Alle har starta ein plass og då er det så flott å sjå at hjelpen vi gav for nokre år sidan har bidrege til positiv næringsutvikling, seier Kjetil Kvåle, dagleg leiar i Kunnskapsparken.

xxx. desember markerte vi jubileet på ViteMeir, med middag på Quality Hotel Sogndal etterpå.

Innovasjon i helsesektoren

Til stede på markeringa var mellom anna Arve Varden, administrerande direktør i Helse Førde. Han fortel om den viktige rolla Kunnskapsparken har som kommersialiseringsaktør for sjukehuset. I praksis inneber det å hjelpe fram tilsette i Helse Førde som kjem med idear som kan skape næringsaktivitet.

- Helsesektoren må omstille seg og gjere ting på nye måtar for å levere like gode og betre helsetenester i framtida, og vi arbeider strategisk og målretta med å auke aktiviteten innan forsking og innovasjon, seier Varden og gratulerer samtidig Kunnskapsparken Vestland med markeringa.

Han er oppteken av at sjukehuset, gjennom samarbeid med lokalt næringsliv og virkemiddelapparat, skal bidra til verdiskaping i regionen.

- Som ledd i det strategiske arbeidet med å auke talet innovasjonar frå våre tilsette og vårt kunnskapsmiljø, er samarbeidet med Kunnskapsparken veldig viktig, poengterer han.

Varden fortel at kompetansen til Kunnskaparken på kommersialisering, forretningsutvikling og kapitalinnhenting har vore ein nøkkel for gründerbedrifta Norse Feedback. Dette er eit selskap som har sprunge ut frå forskarmiljøet i Helse Førde, og på få år har vekse til 16 tilsette.

– Ambisjonen til Helse Førde er at vi i framtida bidreg til fleire bedriftsetableringar, og slik er med å skape enno fleire arbeidsplassar med utspring i målet om å finne gode innovative løysingar for pasientar og tilsette, avsluttar Helse Førde sin administrerande direktør.

– Viktig motor for vekst

Nina Broch Mathisen, Regiondirektør i Innovasjon Norge Vestland, var også til stades på markeringa.

– Kunnskapsparken har hatt ei flott utvikling sidan starten, og har vore ein viktig motor for vekst i regionen. Når dei starta opp, var det nok ein viss skepsis til gründerskap, så då var det ekstra viktig at gründerane vart møtt med respekt og openheit, påpeikar Broch Mathisen, og legg til:

– Kunnskapsparken har bidrege med kompetanse og nettverk. Dei sørger for at gründerane har eit «heim». Dei skapar ein atmosfære og eit miljø som bidrege til innovasjon og verdiskaping.

Innovasjon Norge samarbeider med Kunnskapsparken om ulike arrangement, som Kapitaldagen. Dei fleste av kundane i inkubatoren er også kundar av Innovasjon Norge.

- Vi gler oss til vidare samarbeid og ønskjer Kunnskapsparken lykke til med jubileet.

– Gir gode prospekt for investering

Fjord Invest Såkorn er ein av dei større eigarane i Kunnskapsparken og dagleg leiar av Fjord Invest, Aud Ingrid Espeland, ønskjer å fortelje om deira samarbeid med Kunnskapsparken:

– Kunnskapsparken står fram som ein aktør i tråd med intensjonen for opprettinga, og selskapet har tilfredsstillande økonomi. Kunnskapsparken har definert fleire kjerneoppgåver. I tillegg har Kunnskapsparken ansvar for Sogn og Fjordane fondet og Sparebanken Vest sitt næringsfond, fortel Espeland.

– Inkubatortenestene dei tilbyr «ruger» fram spennande selskap, og er ei svært viktig teneste i etableringa av selskap som kan gje arbeidsplassar i vår region. Fjord Invest Såkorn sitt føremål er investeringar i oppstart- og vekstselskap i vår region, og for oss gir Kunnskapsparken sitt arbeid med inkubatortenesta ein større tilfangst av gode prospekt som kan vere aktuelle for investering, fortel Espeland.

Fleire av selskapa som har vore i inkubator har Fjord Invest Såkorn også investert i, som Rocketfarm, Evoy, Quality Intervention, Eduplaytion og Norse Feedback

– Dette er verktøy som både vi og Kunnskapsparken må ha fokus på framover og. Vi har eit godt samarbeid, både formelt og uformelt. Vi ønskjer Kunnskapsparken til lykke med 20 årsjubileet, og ser fram til fortsatt god samarbeid, avsluttar Espeland.

Gasta Design