1,6 millionar til grøn omstilling i byggenæringa

Hilde Grinde og Jøril Hovland i Kunnskapsparken Vestland er glad for tildelinga og at prosjektet kan settast i gang.

Vi har fått tildelt midlar frå Vestland fylkeskommune til å bygge grønare kompetanse i byggenæringa.

– Det var gledelige nyheiter. No kan vi jobbe saman med den lokale byggenæringa, for å auke kompetansen på korleis ein best jobbar med grøn omstilling og for å redusere utslepp i byggeprosjekt, fortel Jøril Hovland i Kunnskapsparken Vestland.

Hovland fortel at det i dag er utfordrande for mange bedrifter i byggenæringa å klare å følge nye krav og spesifikasjonar. Det kjem stadig nye krav og forventningar, både frå styresmakter som lovgivande mynde og offentlege etatar og andre store byggherrar. Desse krava viser seg i anbodsdokumenta.

- Det er viktig at store og små aktørar i byggebransjen kjenner til kva som blir framtida og starte prosessen med å tilpasse seg for å behalde konkurransekrafta.  Bedriftene må få oversikt over kva dette kan ha å sei for den enkelte si drift. Kunnskapen må aukast og kompetanse, utstyr, system og samarbeid må utviklast.

I tillegg til å dele kunnskap frå fagfolk ønskjer vi å bygge nettverk som arbeide saman og gjere kvarandre gode. Alle er tent med å heve kunnskapsnivået i bransjen, og samarbeid på tvers av fag og bransje må til om vi skal nå måla om ei grønare næring

– Eit døme kan vere korleis ein skal møte krav om lavkarbon betong? Kva inneber det for betongprodusenten og korleis er denne betongen å arbeide med på byggeplassen? Desse problemstilingane tek vi opp i møta vi inviterer til og formidlar kunnskap frå både styresmakter , kunnskapsmiljø og dei som har erfaring frå praksis

– Eit anna døme, er krav materialhåndtering og sortering og avfall  frå byggeplassen for å redusere den store avfallsproduksjonen som er i bransjen. Her er det bra å vite kva krav som er eller gjeld, kva moglegheiter som finns og  korleis ein kan leggje betre til rette for å bli betre. Kunnskap og erfaring er nøkkelen her og, legg Hovland til.

Vestland fylkeskommune støttar prosjektet med 1,65 millionar kroner. Som organisator og prosjektleiar skal vi i Kunnskapsparken jobbe trinnvis framover, med samlingar i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord.

Vil du vite meir om prosjektet? Kontakt Jøril Hovland.