Miljø

Kunnskapsparken Vestland bidreg til sterke innovasjonsmiljø og fasiliterer samhandling. Dette er fysiske miljø og fellesskap der vi har eit sterkt engasjement, både som eigar, leigetakar og rådgjevar.

 
 
 

Peak Sunnfjord - Førde

Peak Sunnfjord er eit dynamisk kontorfellesskap midt i Førde, for gründerar, oppstartsselskap og etablerte teknologibedrifter. Her finn ein aktørar i verkemiddelapparatet som Innovasjon Norge, SIVA, Kunnskapsparken Vestland og Sunnfjord Utvikling. I tillegg er Sogn og Fjordane Næringsråd, Framtidsfylket og Fjord Invest lokalisert her.

Sitep - Årdal

Sitep (Senter for Innovasjon, Teknologi og Prosess) er ein øvingsfabrikk og teknologilab for elevar og erfarne innovatørar. Her skal den industrielle framtida i regionen formast, gjennom auka samarbeid mellom bedrifter, skule, universitet og andre forskingsmiljø.

Fus - Sogndal

Eit kontorfellesskap på Campus Sogndal, for gründerar og etablert næringsliv. FUS tilbyr eit aktivt nettverk og god støtte, med tilgang til rådgjevarar, kapital, mentorar, faglege- og sosiale arrangement, og kontorfasilitetar og møterom. Nasjonale og regionale aktørar som Innovasjon Norge, Siva, Forskingsrådet, Distriktssenteret, Kunnskapsparken, Sogn Næring, Høgskulen og Vestlandsforsking er alle aktørar lokalisert i dette miljøet.

Techub - Stryn

Stryn TechHub er ei klyngesatsing som skal tilrettelegge for meir effektive prosessar frå idé til produksjonsfasar. Leverandørar, kundar, FoU-miljø og samarbeidspartnarar knytast saman i nettverk som skapar auka samhandling.

Inviro - Nordfjord virtuelle campus

Eit samarbeidsprosjekt initiert av ei gruppe bedrifter som driv innan elektro, automasjon, enøk og byggfag i Nordfjord. Inviro skal tilby løysingar knytt til rekruttering, kompetanseheving og utviklingskapasitet. Dette skal auke tilgangen på relevant arbeidskraft og gjere kvar einskilde bedrift betre rusta til å henge med i den teknologiske utfordringa.