Ny søknadsfrist i SPN sitt næringsfond
01 oktober 2025
Har du ein god idé som kan verte ei ny teneste eller eit nytt produkt som er samfunnsgagnande, innanfor grøn omstilling og berekraftig utvikling – men manglar pengar? Da må du søke Sparebanken Norge sitt næringsfond.
Sparebanken Norge sitt næringsfond region Sogn og Fjordane gir starthjelp til gode forretningsidèar som kan skape nye arbeidsplassar samtidig som dei bidreg aktivt til grøn omstilling og berekraftig utvikling i samfunnet vårt .
Økonomisk støtte frå dette fondet gir mulegheiter for både gründerar med idèar i tidleg fase, men også eksisterande bedrifter til å utvikle nye produkt eller tenester. Kriterie for å vurderast i fondet er at ideen/produktet må vere nyskapande, framtidsretta og kunne vere utgangspunkt for nyetablering og nye arbeidsplassar.
Rammene for fondet opnar diverre ikkje for å støtte kostnader til investeringar i fast eigedom og lausøyre
Neste møte i fondsstyre er 22 oktober, og søknadsfrist til møte er 01 oktober 2025.
Dette er tredje møte av totalt 4 dette året, så i november kjem det nye mulegheiter om du ikkje er klar i denne omgang.
Fyll ut søknadsskjema, last opp vedlegg og
send inn søknaden!
Hugs å legge ved budsjett, og legg også ved prosjektbeskrivelse om du har.