Sal og kommunikasjon for vekst og gode relasjonar

 
 
 

Å være leiar eller tilsett betyr tett relasjon til andre menneske. Det betyr ofte at ein må ta omsyn, og at ein må tenke seg godt om før ein «pratar» med både ord og handling.

Dette er vanskeleg, og det er spesielt tøft når ein berre kan være heilt trygg på eigne tolkingar og reaksjonar. For korleis kan ein være trygg på at ingen misforstår, eller at det ein formidlar blir tydeleg nok?

Korleis kan ein med enkle grep få til dei gode samtalane og dei lønnsame salsmøta?

At ei oppskrift på sunn og trygg vekst inneheld ein god porsjon med relasjonar til andre menneske, er ingen hemmelegheit. Det som derimot kan opplevast som ein godt bevart ein, er korleis ein faktisk kommuniserer med desse for å oppnå akkurat det ein ynskjer. Kanskje er du ein leiar som har opplevd at dialogen med tilsette eller styret ikkje går som planlagt, eller kanskje er du som tilsett frustrert over at du ikkje får landa store avtalar med kundar, eller gjennomført vanskelege samtalar med kollegaer utan at ein misforstår kvarandre?

Vi har fått med oss Sigurd Granmark frå ALL IN til å vise oss korleis vi kan bli betre til nettopp dette. Kvifor? For å lukkast både som leder, kollega, tilsett og leiar!

Dette kurset er for deg som ynskjer å utvikle deg sjølv, og vil bli betre i møtet med andre. Det er for deg som formidlar bodskap, og som kanskje kan gløyme at det ikkje er kva du seier, men kva folk høyrer!

Sigurd Granmark har saman med Kunnskapsparken og Vekst i Lag tidlegare arrangert Leiarkurset «Leiing for Vekst» med svært gode tilbakemeldingar. No føl vi opp med to kurs samla i eitt som tek for seg viktige emnar som «sal» og «kommunikasjon». Kurset er for alle.

 

Tid: 24. - 25. oktober 2022

Stad: Thon Hotel, Førde

MÅLGRUPPE: Både leiarar og tilsette som ønskjer å bli betre i samspel med kollegaer, kundar, samarbeidspartnarar og andre.

KOSTNAD: For målbedrifter og inkubatorbedrifter tilknytt Kunnskapsparken og/eller Vekst/I/Lag vil det bli gitt innovasjonsstøtte på dette kurset. Om du ynskjer å sikre deg plass, eller berre diskutere muligheter eller tankar du måtte ha, ta kontakt med din kontaktperson i Kunnskapsparken.

 

Kontakt:

 

Sigrid Førde

 

Ella Damman Anker

 
 

Om Sigurd Granmark

Med rundt 100 foredrag i året er Sigurd ein av dei mest etterspurde foredragshaldarane i Noreg innan kultur, organisasjon, leiing, digitalisering, motivasjon og det som gjer at menneske i samspel lukkast.

Sigurd starta All In i januar 2014. Han har over 20 år med erfaring som leiar av norske og internasjonale selskap, der hans fantastiske jobb i Adidaskjeda er av dei mest kjende. Han har også leda olympiske meistrar, verdsmeistrar og toppleiarar i internasjonale bedrifter til suksess.

Sigurd har også skreve boka kulTur. Etter fantastisk tilbakemeldingar på Leiarkurset «Leiing for Vekst» gleder det oss stort at han no kjem tilbake til oss i Kunnskapsparken Vestland, og næringslivet i regionen vår, med ny og spennande agenda.

Sjekk ut Sigurd Granmark sin podcast ALL IN.

 
kpv-blue2.png

Program

 

Måndag 24. oktober

 

Tirsdag 25. oktober


Tidlegare deltakarar:

 

Elisa Sunde, Brunsj og Briller:

«Leiarkurs med Sigurd har gitt meg masse gode verktøy som eg bevisst og ubevisst bruker både i arbeidskvardagen og livet generelt. Sigurd er særs inspirerande og engasjerande og bruker av heile seg sjølv på kurset.»

Eirik Flatjord, Puls Førde:

«Sigurd er ein fantastisk formidlar og legg fram temaet veldig lett fordøyeleg. Kurset ga meg masse verktøy og gjorde meg meir bevist på mine val som leiar. Fekk meg til å reflektere, inspirerte meg til å bli ein betre leiar. Eg anbefaler Sigurd som kurshaldar på det sterkaste.»

 
kpv-profilfarge-lysgra.png

Påmelding

Har du spørsmål knytt til påmelding send gjerne mail til sigrid@kpvest.no eller ring 400 21 567 for ein uforpliktande prat.