Fjord Monster i Høyanger

Fjord Monster

Lokasjon: Høyanger
Etablert: 2017
Inkubator: 2018 - d.d.
Gründer, Daniel Longfellow

Kor er bedrifta i dag?

Fjord Monster AS starta med ein idé om å utvikle ei bedrift for å produsere merchandising, film og bøker for å fortelje historia om Sognefjorden i eit barns perspektiv, med små vesen kalla fjordmonster. Før eg fekk kontakt med Kunnskapsparken, hadde Fjord Monster ingen nettverk, kontraktar eller forretningsplan – berre eit godt konsept.

I dag har Fjord Monster eit sterkt nettverk og vi er i gang med å produsere ein pilot som skal presneteres for leiinga i NRK for vurdering. Teamet er styrkt med Rolf Magne Golten Andersen, som er manusforfattar for mange kjente produksjonar, som «Magnus» og «Førstegangstjeneste». Vi jobbar med å etablere eit selskap for saman å produsere barnebøker, animasjon og video til underhaldningsbransjen.

Kva rolle har Kunnskapsparken hatt?

Hilde Grinde i Kunnskapsparken har vore ein kjempeaktør i systematisering og rettleiing av søknader, nettverksbygging og organisering av møtar. Utan henne ville motivasjon teke slutt for lengst.

Største opptur?

Støtta og anerkjenninga heilt i starten av prosjektet frå Høyanger Næringsutvikling og frå Sparebanken Vest sitt næringsfond. Samarbeid med manusfortfattar Rolf Magne Golten Andersen, og økonomiske støtte frå Vestnorsk filmsenter.

Bedrifta om eit år?

Vi jobbar mykje med ein pilot som skal bli ferdig i løpet av hausten 2021, og er i gang med å selje den inn til filmprodusentar og forlag som vi forhåpentlegvis lykkast med i 2021 eller 2022. Målet er å komme ut med ein attraktiv animasjonsserie for barn som både inneheldt spenning og humor. Utgangspunktet er i livet i og rundt Sognefjorden. Seinare vil det bli aktuelt både med bøker og spill. 

Skjermbilde 2021-08-19 kl. 13.52.06.png
inkubatorGasta Design