Blue Breeder på Nordfjordeid

Blue Breeder

Eit teknologiselskap med mål om å utvikle og levere løysningar og utstyr til havbasertnæring, gjennom teknologi knytta til utvikling av patentsøkte merd-teknologi.

Lokasjon: Nordfjordeid
Etablert: 2020
Inkubator: 2020 - d.d.
CEO: Geir Kroken, CTO: Elias N. Kroken

Link til nettside.

Kor er bedrifta i dag?

Blue-Breeder har no etablert ein klar forretningsmodell, der teknologien Blue-Merd har oppnådd to norske patentar. Blue-Merd-konstruksjonen kan vise til positive resultat frå funksjonstest i skala to meter, samt ved styrkeberegning i storskala med diameter 45 meter, utført av Prototech gjennom Katapult-programmet og Ocean Innovation.

Det er oppnådd anerkjenning av teknologien frå fleire hald. Dette, saman med offentleg og privat finansiering, gjer oss no i stand til å gjennomføre nye utviklingstrinn i tråd med planlagt utviklingsløp.

Kva rolle har Kunnskapsparken hatt?

Kunnskapsparken har vore ein sparringspartner, spesielt nyttig inn mot verkemiddelapparatet og forskingsmiljø i forbindelse med SkatteFunn.

Elles er det nyttig å vere i eit nettverk med andre gründerar, og samtidig kunne få ta del i KP Vest sitt nettverk inn mot sentrale aktørar og næringsliv i regionen.

Største opptur?

Vi reknar ikkje oppturar før vi er i kommersiell drift med sal av teknologiløysinga Blue-Merd. Men vi er audmjuke over å bli tatt inn i varmen og satsa på som en kommande teknologileverandør av verkemiddelapparatet med Næringshagen/Inviro, Kunnskapsparken, Innovasjon Norge, Katapult ved Ocean Innovation og nå sist VIS.

Vi er også audmjuke ovanfor investorar som framover seier seg villige til å hjelpe med å ta til torgs den revolusjonerande Blue-Merd-teknologien, som flyttar oppdrett under overflata, der ein til ei kvar tid oppnår optimale høve for at fisk og marine artar skal ha dei beste føresetnadane for trivsel.

Bedrifta om eit år?

Vi følgjer vår utviklingsplan der vi planlegg for å ha klar Blue-Merd med diameter 25 meter. Kanskje er vi allereie då klar med versjon ein av ei bærekraftig og autonom løysing.

Vi ser for oss at resultat som vert oppnådd gir tydelige svar og viser retning for vidare utvikling, kapitalisering og kommersialisering av Blue Breeder og Blue-Merd-teknologien.

inkubatorGasta Design