Kva skjedde med Intempo?

Heidi Aabrekk og Elisabeth Hunnes i Intempo AS.

Heidi Aabrekk og Elisabeth Hunnes i Intempo AS.

Dei har utvikla eit unikt verktøy for språkutvikling, eit verktøy som er testa av over 50.000 born.

  • Lokasjon: Sandane

  • Tilsette: 2

  • Etablert: 2009

  • Inkubatorbedrift: 2012 - 2015

  • KPV si rolle: Oppstart av forskingsprosjekt i tilknyting høgskulen, søknader og nettverksbygging.


Intempo har utvikla Bravo-leiken, eit verktøy for born frå eitt år, der ein utforskar lydar, bokstavar og ord i kombinasjon med sanseerfaringar og fysisk aktivitet. Den systematiske stimuleringa har vist særskilt godt utbyte for born med forseinka språkutvikling. 

– Fleire enn 400 barnehagar over heile landet nyttar Bravo-leiken aktivt. I tillegg blir den nytta av spesialpedagogar, helsesjukepleiarar, familiar og menigheiter, forklarer Heidi Aabrekk, spesialpedagog, gründer og dagleg leiar.

Det var då Aabrekk sjølv blei mor til ein gut med alvorleg hjerneskade, at ho byrja fordjupe seg i tidleg hjerneutvikling. I dag er Intempo ei kunnskapsbedrift som arbeider med å koordinere kunnskap om barns tidlige utvikling, og i samarbeid med barnehagar og helsestasjonar, implementere det i praksisfeltet.

– Målet har vore å skape ei inkluderande språksatsing som ser heile barnet og tenkjer heilskapleg. Hovudfokuset er på dei yngste og born med særskilte behov for tilrettelegging. 

Suksess med systematikk

Under koronapandemien har dei dessutan merka stor pågang frå spesialpedagogar som ønskjer verktøy og innhald for born som treng ekstra støtte. Det har resultert i eit nytt verktøy med nettkurs for dei vaksne som er tettast på, både i heim og barnehagar 

– Her er kunnskapen om barns tidlege utvikling veldig relevant. Spesialpedagogisk implementeringsmodell (SIM) gir barnet sine næraste kontaktar ei felles forståing av kva me gjer, kvifor og korleis ein utfører aktivitetar saman med barnet i kvardagen.

Målet er å sikre gjennomføring, samt auka samarbeid mellom barnets næraste omsorgspersonar. 

– Me flyttar barna sine individuelle opplæringsplanar inn i kvardagen, slik at ein enkelt kan gjennomføre det ein har planlagt. SIM nyttast ved måltid, i sandkassa eller ved leggetid, og hjelper dei vaksne å hugse kva som vil støtte barnet si utvikling, forklarer Aabrekk.

Kvalitet og mangfald

Korleis har vegen frå idè og utvikling, til der de er i dag, vore?

– Å vere ein sosial entreprenør inn mot offentleg sektor har dei siste åra blitt meir utfordrande, då me opplever at det pågåande kompetanseløftet gjer det vanskelegare å kjøpe tenester frå private aktørar. Sjølv om ein på politisk nivå ønskjer sosialt entreprenørskap velkomen, har det i praksis blitt stramma til og gjort det vanskelegare for kommunane å kjøpe tenester av oss. Eg fryktar det vil påverke mangfaldet av tilbod til born og innovasjonsgrada i sektoren om ikkje også private aktørar blir inviterte inn i samarbeidsforuma og forska på.