RASK OPPSTART - Program for gründarar med gode idéar og dårleg tid!

Har du ambisjonar om å utvikle eit nytt produkt eller ei ny teneste for eit nasjonalt eller internasjonalt marked?

Då er Kunnskapsparken Vestland sitt program for RASK OPPSTART noko for deg, og har åpna påmelding! Dette er ein unik mogelegheit for deg som har ein idé eller treng hjelp med vidare vekst av startup i tidleg fase. Vi vil møtast til 4 samlingar, med mogelegheit for oppfølging og rådgjeving frå våre forretningsutviklarar etter kvar samling. Gjennom samlinane vil vi gå strategisk igjennom korleis du raskt og smidig kan realisere ideen din. Du vil òg møte andre gründere for erfaringsutveksling og nettverk.

Kven passar RASK OPPSTART for?

Programmet er gratis og passer for gründere og oppstartsbedrifter i tidleg fase som vil utvikle noko nytt (produkt, tjeneste eller produksjonsprosess) og som har ambisjonar om å vekse.

Fyrste samling er 13.oktober.

Søknad om deltakelse er opna.


 

INNHALD

Programmet RASK OPPSTART er basert på Disipliened Entrepreneurship-metodikken og er ein systematisk tilnærming for å lukkast med en Startup. Programmet gir ein raskare og tryggare veg frå idé til kommersialisering, og inneheld;

  • 4 Fysiske samlingar, våren 2023

  • Oppfølging og veiledning med forretningsutviklar etter samlingane

  • Malar og verktøy

  • Tilgang til nettverk

  • Tilgang til Hotdesk i våre lokasjonar i Førde og Sogndal

  • Tilgang til møteromsfasilitetar

  • Juridisk veiledning

  • Lunsj og forfriskningar på samlingane


Kontakte gjerne Sigrid Førde, Hilde Grinde eller Ella Anker i Kunnskapsparken Vestland om du har spørsmål, eller lurer på om dette kan være noko for deg eller din idè:

 
 

Hilde Grinde

Tlf: 908 57 394

Epost: Hilde@kpvest.no

Stig Ove Rygg

Tlf: 981 10 680

Epost: stig@kpvest.no

 

Sigrid Førde

Tlf: 400 21 567

Epost: sigrid@kpvest.no

Innovasjonsdagen Sogn - fargeprofil grønn.png

 TIDLEGARE DELTAKARAR

Kunnskapsparken Vestland får gode attendemeldingar frå tidlegare deltakarar på kurset. Under kan du lese kva nokre av dei seier om RASK OPPSTART:

 

Vi var med i Rask Oppstart hausten 2022, før vi stifta selskapet vårt. Planen om å få idè og plan ut i livet har lege der i fleire år, men vi som hjernane bak Drageboden hadde ikkje tatt det siste steget for å få realisert. Vi er kunstnarar, og har lite greie på administrasjon og kva som skal til for å få starta opp. Vi var usikre på korleis vi skulle få alle planane våre frå idè til handling.

Når vi vart informert om «Rask Oppstart» gjennom Kunnskapsparken Vestland hoppa vi på, og fekk gjennom kurset god og stegvis hjelp med kva som skulle til for å få både realisert og vidareutvikle prosjektet. Kunnskapsparken Vestland sine tilsette er dyktige og kunnskapsrike, og viste oppriktig interesse i både oss, prosjektet og i at vi skulle lukkast med draumane våre. Det var svært viktig for oss å få den tette oppfølginga av Kunnskapsparken vi fekk gjennom perioden der vi skulle møte investorar, og kurset gav oss det vi trengte for å ha forarbeidet klart og være forberedt.

Eg anbefalar alle med både store og små idear om å være med på kurset «Rask Oppstart», og vil sjølv gjerne bruke Kunnskapsparken att seinare.

-Fred Ivar Falck Husum

 

Vi som team fekk god hjelp av Kunnskapsparken Vestland og RASK OPPSTART. Vi lærte mykje om kor vi skal sentrere fokuset vårt, og vi fekk meir greie på det å drive ei bedrift. Best hugsar eg “beachhead marked”, og viktigheita av å nøye sjekke om det FAKTISK ER eit marknad for det vi vil oppnå.  RASK OPPSTART var over fire samlingar, men eg skulle ønske det var fleire.

 Eg vil absolutt anbefale RASK OPPSTART vidare. Utrulig hyggelige kurshaldarar som hadde trua på kvar og ein av oss, og som både såg og ville hjelpe oss.

-Marita Haugen

 

«Kurset Rask Oppstart var intet mindre enn kjempebra! Eg var ein av dei som tenkte at det å starte opp med noko nytt er enkelt og handlar kun om å få satt i gang. Eg forstår no at det ligg meir bak, og at må være forberedt på å jobbe både hardt, målretta og mykje uansett kva ideen går ut på. Rask Oppstart og Kunnskapsparken Vestland fekk meg til å tenke, og eg fekk fleire oppvekkarar. Det å skynde seg sakte og gjere ting i rett rekkefølge er viktig, og noko eg først forstod heilt og fullt når eg fekk ei breiare forståing av det å starte opp noko.

Det som har hjelpt meg aller mest er den grundige arbeidet eg fekk hjelp til med marknadsundersøking, og det å belyse prosjektet på ein slik måte at det vart tatt godt og seriøst imot av bankar og andre potensielle samarbeidspartar.

Det å ta seg tid til å ikkje berre lytte til gode tilbakemeldingar men også dei som er kritiske er heilt essensielt.

Gjennom denne kursperioden fekk eg god og målretta hjelp til å komme meg mot målet, og vi hadde ikkje fått dette til utan Kunnskapsparken si hjelp. Dette var vel anvendt tid som var heilt avgjerande for oss for å komme i land med prosjektet vårt. Anbefalast!»

-Svein Arne Henjesand

 

I fjor høst var jeg med på Rask Oppstart gjennom Kunnskapsparken Vestland, og gjennom dette kurset fikk jeg nyttig input på hvordan jeg kunne utvikle selkapet mitt videre.  Jeg fikk en veldig oversiktelig og god «step-by-step» opplæring for å forstå alt som må til for å komme seg videre. I tillegg til god hjelp fra dyktige og kvalifiserte folk i Kunnskapsparken var det også veldig bra for meg å møte nye mennesker, utveksle erfaringer og opplevelser med andre grûndere.

Jeg vil på det sterkeste anbefale deg til å melde deg på. Kurset inneholder svært spennende temaer, og oppgavene får deg til å tenke og reflektere over idéen din, konseptet og forretningsplanen din.

-Daniel Lira Figueiredo

 

 

TID OG STAD

Programmet inneheld oppfølging og veiledning med forretningsutviklar etter kvar samling. Rask Oppstart har 4 fysiske samlingar:

  • 1.samling- 13.oktober- Kven er kunden?

  • 2.samling- TBA- Kva kan du gjere for kunden og korleis kjøper kunden produktet ditt?

  • 3.samling- TBA - Korleis tene pengar, i tillegg designe og utvikle produkt? Korleis lage ein god pitch?

  • 4.samling- TBA - Korleis skalere og vekse, og kor går vegen vidare?

Plassering på samlingane blir bestemt undervegs


PRIS OG PÅMELDING

Programmet er finansiert av Kunnskapsparken Vestland, SIVA og Vestland Fylkeskommune, og er gratis for deltakarane.
Det er begrensa antall plassar på kurset med fortløpande opptak.

Fyll ut søknadsskjema for deltaking på programmet og fortell oss om din idé.

 
 
 
kpv-profilfarge-lysgra.jpg