Samarbeidsarena for produksjonsbedrifter

Er det felles problemstillingar for automatisering, robotisering, digitalisering og stordata i produksjonsbedrifter på tvers av bransjar? Du er hermed invitert til samling for å sjå på desse problemstillingane saman med andre.

  • Stad: Førde Sementvare sine lokale i Førde

  • Tid: Onsdag 19. juni kl 10:00 – 14:30

 

I Teknoløft-prosjektet har HVL og Vestlandsforsking utvikla teknologi-kompetanse for næringslivet i Sogn og Fjordane. Hovudsatsingane har vore å utvikle kompetanse på  fleksibel automatisering i små og mellom-store bedrifter.

Dette kan gjerast gjennom cobotar som samarbeider med menneske i produksjonen av varer og tenester, og ved bruk av stordata  for å gjere det lettare for bedrifter å ta i bruk store datamengder til innovasjon og omstilling.

Spørsmålet er om problemstillingar rundt innføring av desse tema kan vere felles og som bedrifter kan samarbeide om.

Vi møtes i ei produksjonsbedrift som er i startgropa for dette arbeidet.

På dagsorden har vi også bransjerelevant nytt frå forskingsfronten for vertskapet, der tema er levetidsforlengelse for betongkonstruksjonar.

 

Program

 
 
 

Påmelding

Påmelding seinast mandag 14. juni