Kurs: Rask Oppstart for gründerar og oppstartsbedrifter
RASK OPPSTART har opna påmelding for våren 2026!
Kurs for gründerar og oppstartsbedrifter i tidleg fase
Er du ein gründer eller ei oppstartsbedrift som ønskjer å komme raskt i gang?
Rask Oppstart gir deg ei unik moglegheit til å utforske, teste og vidareutvikle ideen din i eit strukturert og støttande miljø.
Gjennom programmet får du:
Innsikt i korleis du utviklar og realiserer ideen din
Kontakt med andre gründerar for erfaringsdeling og nettverk
Oversikt over relevante kapital- og støtteordningar
Øving i å presentere og pitche prosjektet ditt
Oppfølging og rådgjeving av erfarne forretningsutviklarar
Programmet passar for gründerar og oppstartsbedrifter i tidleg fase som utviklar eit nytt produkt, ei teneste eller ein produksjonsprosess – og som har ambisjonar om å vekse.
Samlingar og innhald
Vi møtast til tre samlingar frå kl. 09.00–14.00 på Grand Hotel Skei.
Samling 1: 10. april
Samling 2: 24. april
Samling 3: 12. juni
Mellom samlingane får du moglegheit til individuell oppfølging og rådgjeving.
Gjennom samlingane jobbar vi med:
Kven er kunden?
Innsikt i brukar- og marknadsforståing.Kva verdi skapar du?
Kva problem løyser du, og korleis kjøper kunden produktet ditt?Korleis tene pengar?
Forretningsmodell, prissetjing og strategiske val.Design og utvikling
Smidige metodar for å kome raskt frå idé til test.Pitching
Korleis presentere prosjektet ditt på ein klar og engasjerande måte.
På siste samling får du møte representantar frå verkemiddelapparatet i Sogn og Fjordane, der du kan vise fram arbeidet ditt og få nyttige tilbakemeldingar.
Søknad om deltaking og pris
Kurset er kostnadsfritt for deltakarar og er finansiert av Kunnskapsparken Vestland, SIVA og Vestland Fylkeskommune.
Det er begrensa antall plassar på kurset med fortløpande opptak. Når søknaden er mottatt vil du bli kontakta av ein av våre Forretningsutviklarar.
Søk om å bli med her:
Har du spørsmål? Kontakt oss!
Hilde Grinde
+47 908 57 937
hilde@kpvest.no
Stig Ove Rygg
+ 47 98 11 06 80
stig@kpvest.no