Bli med oss på kurs 25. - 26. juni i Førde!
Har du personalansvar – og av og til litt for mykje tillit til magekjensla? Då er dette kurset for deg.
Som leiar eller mellomleiar står du jamleg i situasjonar som krev kunnskap om lover og reglar: sjukefråvær, varsling, arbeidstid, oppfølging, konflikthandtering – og mykje meir. Det kan vere krevjande å vite kva som faktisk er rett, kva som er lurt, og kva som kan få konsekvensar.
I dette kurset får du:
Oversikt over dei viktigaste reglane i arbeidsretten
Konkrete døme frå kvardagen som leiar
Tips til korleis du kan handle rett – og førebygge feil
Rom for spørsmål og refleksjon
Målet er ikkje å gjere deg til jurist– men til ein tryggare leiar.
Kurset passar for:
Ledere og mellomleiarar med personalansvar
Deg som handterer HR-relaterte spørsmål i det daglege
Verksemder som ønskjer å styrke rettleiing og handtering i tråd med lovverket
Tilsette som er tenkt inn i ei ledande rolle, eller har kombi-rolle i organisasjonen som krever kunnskap
Advokatfirmaet Tollefsen AS vil stå for fagleg innhald. Kunnskapsparken Vestland er arrangerar kurset saman med Sunnfjord Utvikling og Aksello.
#Eit Vekst/I/Lag arrangement
Program
Kurs og arrangement i regi av Kunnskapsparken-ein viktig arena for samskaping, læring og mingling.
Pris
Målbedrifter i Næringshageprogrammet og Inkubatorbedrifter i inkubatorprogrammet til Aksello og Kunnskapsparken Vestland får innovasjonsstøtte på kurset. Kurset har ein eigenandel på ca 2300,- pr deltakar. Marknadspris på kurset er ca 9500,- pr deltakar.
Inkubatorbedrifter tek kontakt med sin Inkubatorleiar for meir utfyllande informasjon.
Bedriftar utanfor Næringshageprogrammet og Inkubatorprogrammet er velkommen til å bli med, men må då betale fullpris for kurset eller bli medlem av Næringshagen. Dette er ei svært gunstig ordning som gir opp til 75% innovasjonsstøtte av marknadspris på tiltak som skal skape vekst og utvikling. Det kostar ingenting å være medlem, men ein betalar eigenandel på det ein blir med på eller startar av prosjekt.
Ta gjerne kontakt med Sigrid Førde for meir informasjon.
Påmelding
Spørsmål?
Ta kontakt for ein uforpliktande prat.
Sigrid Førde
sigrid@kpvest.no
tlf:400 21 567