Fekk avgjerande hjelp i den første fasen – no feirar Havfront 10 år og jaktar rekordomsetnad

Sidan 2008 har Sparebanken Vest sitt næringsfond i Sogn og Fjordane bidrege til at 130 gründerar i har fått teste sine forretningsidear på eit tidleg stadie.

Under feiringa av Havfront sitt 10-årsjubileum fekk vi høyre forteljinga om selskapet si reisa frå garasjeprosjekt til hyllevare – og om korleis næringsfondet sitt bidrag blei avgjerande.

Utvikla prototypen heime i garasjen

Oddbjørn Gudmundsen og Marius Strømmen hadde i 2013 ein god idé for å hjelpa kystfiskeflåten til betre arbeidsforhold. Dei ville utvikle ei sløyemaskin og slik erstatte fiskaren sitt harde, manuelle arbeid med sløying av fangst.

Full av pågangsmot og iver utvikla dei den aller første prototypen i garasjen heime hjå Oddbjørn.

Det var lite pengar til å kjøpe naudsynte deler og utstyr til maskina, så dei tok det dei fann i nærområdet. Til dømes plukka dei frå kvarandre huset sin piassava-kost for å styre fisken inn i maskina. Etter mykje prøving og feiling stod ei maskin, som dei meinte ville fungere, klar.

Imponerte med sterk forretningsidé og god gjennomføringsevne

Då den første prototypen skulle byggjast og presenterast for sjark-eigarane, behøvde dei pengar til arbeidskraft, materialar, deler og utstyr – samt til kostnader for å dekke utstillingsplass på fiskerimessa i Trondheim.

Det var her Sparebanken Vest sitt næringsfond kom inn i biletet. Ved å bidra til dekke desse kostnadane,  kunne dei starte bygging av den første pilotmaskina som skulle prøvast ut på fiskebåt.

Allereie då styret i næringsfondet vurderte søknaden om støtte til utvikling for første gong i 2013, likte dei forretningsideen veldig godt:

- Personane bak satsinga viste dessutan god gjennomføringsevne og hadde knytt til seg nettverket av hjelparar som forsterka dette inntrykket.

Gjekk inn då risikoen var størst

Fondet fekk såleis gleda av å vere «fødselshjelpar» i den aller første og mest risikofylte fasen. Slik kunne idéen prøvast ut og synast fram og på sikt danne grunnlaget for framtidsretta og vekstkraftige arbeidsplassar .

Resultatet frå første deltaking på fiskerimessa vart ein suksess, og den første avtalen med pilotkunden om bord på fiskebåten MS Stormhav kom i hamn. Den første sløyemaskina, som fekk namnet: LOPPA, vart installert og testa ut i 2015.

Undervegs har det vore mykje utvikling - samt prøving og feiling. Men gründerane har jobba tett med ulike aktørar i bransjen – og ikkje gitt opp. 

Ei rekke milepælar – og nye idéar på lur?

Så no - 10 år etter – kan LOPPA karakteriserast som hyllevare sløyemaskin for kvitfiskfangst på fiskebåtar, med eit sal på om lag 16 maskiner i året. I tillegg har dei utvikla FOLLA, som er sløyemaskin installert på land hjå fiskemottak. 

Selskapet Havfront tel i 2023 15 tilsette og ventar ein omsetnad på 30 millionar kroner. Marius, Oddbjørn, og deira gode nettverk av tilsette og hjelparar har ikkje tenkt å gi seg. Dei er litt hemmelegheitsfulle, men nye idèar er i emning - så det er berre å følgje med dei vidare.

Sparebanken Vest og styret i SpV`s næringsfond i Sogn og Fjordane gratulerer så mykje med 10-årsjubileet, og er stolt og glad for å kunne vere med og bidra til det flotte resultatet som tidleg innsats frå fondet har gitt.

 

Sparebanken Vests næringsfond region Sogn og Fjordane skal bidra til samfunnsgagnande og nyskapande aktivitet, knytt til mellom anna grøn omstilling og bærekraftig utvikling, ved at Stiftelsen gir økonomisk tilskot eller gjer investeringar i næringsverksemd eller næringsfremjande aktivitetar i regionen.     

Sidan fondet vart etablert i 2008, er det gitt ut 11,5 millionar kroner i tilskot til 130 gründerar i den aller første sårbare fasen for å teste ut forretningsidèen.

Erfaringane frå desse åra har vist kor viktig denne støtta er i denne tidlegaste fasen for å at gründaren går vidare med idèen sin. Det gjeld støtte ved at nokon har tru på idèen deira, samt råd og tilgang til nettverk, og ikkje minst avlaste den økonomiske risikoen.

Og det er mange som lukkast og driftar i dag gode selskap i stadig utvikling. Ei rask oversikt over etablerte arbeidsplassar i kjølevatnet av tilskotsmottakarane sine etableringar viser pr dato mellom 350 og 400 aktive arbeidsplassar i Sogn og Fjordane regionen.


Gasta Design