Sirken Kaupanger: Gjer ombruk i byggebransjen meir tilgjengeleg

 

Sirken Kaupanger: Ein Milepæl for Berekraftig Ombruk i Byggebransjen

 

Sirken Kaupanger har endeleg opna dørene, og det er med stor glede vi ønskjer velkomne til Sogn si første Sirken-butikk. Iden nye Sirken-shopen på Sirkla-bygget har byggefirmaer gjort eit variert utval av overskotsvarer tilgjengelege for ombruk. Her er det dører, parkett, laminat, kappsager, vindauge og mykje meir som står klare til å finne nye eigarar, alt til sterkt redusert pris.

Sirken Kaupanger er eit resultat av prosjektet Grønn omstilling i byggebransjen, som var finansiert av Vestland Fylkeskommune.  Vi i Kunnskapsparken Vestland har jobba med dette dei siste tre åra. Gjennom prosjektet arrangerte vi mellom anna samlingar med bransjen, og ei tilbakemelding som gjekk igjen var at dei gjerne ville bidra til meir ombruk, men at dei mangla lagringsplass og eit system. Sirken Kaupanger vart eit svar på dette.

Foto: Svein Erik Hovland/Sogn Avis

Samarbeid har vore avgjerande for å realisere dette konseptet

Sammen med eit godt team av engasjerte partnarar frå byggebransjen i Sogn har vi gått frå idé til virkelighet med dette pilotprosjektet. Samarbeidet består av Sirkla Ressurs, Fretland bygg, Reco buygg- og skadeteknikk, Sogndal kommune, Sogn Elektro og Tharaso. No som piloten er oppe og går trekk vi i Kunnskapsparken oss ut, og Sirkla Ressurs fortsett som vert og driftar av Sirken Kaupanger, med støtte av partnarane.

-Vi har lenge vore klar over den enorme mengda materialar som blir kasta i byggebransjen, og det var på tide å gjere noko med det. Med Sirken har vi funne ei løysing som ikkje berre reduserer avfallsmengda, men som òg gir ein betydeleg miljøgevinst og økonomiske fordelar for bedriftene som deltek. Det seier Jøril Hovland som har fore prosjektleiar for Grøn omstilling i byggebransjen.

Korleis fungerar det?

Vår visjon har vore å skape ei enkel, tilgjengeleg og berekraftig måte å handtere overskotsmaterialar på. Ved å registrere overskotsvarer på Sirken si nettside (Sirken.no) og levere dei til hallen på Kaupanger, blir varene automatisk tilgjengelege i nettbutikken. Kunden, både privatpersonar og bedrifter, kan deretter velje varer og hente dei ved hjelp av ein kode, medan Sirken tek seg av formidlinga og marknadsføringa.

Dette prosjektet handlar ikkje berre om å redusere avfall, det handlar om å endre kulturen i byggebransjen.

-Vi ønskjer å vise at det er mogleg å tenkje annleis, å samarbeide og å gjere ein forskjell. Og vi har allereie sett at dette konseptet fungerer andre stader i landet. No er det opp til oss her i Sogn å vise kva vi kan få til saman. seier Lea Myklebust, som  har jobba med prosjektet Grøn omstilling i byggebransjen saman med Jøril.

Mange tok turen innom opninga og fekk både kaffe og eplekake.

Vi håpar at Sirken Kaupanger vil bli ein suksess, og at fleire bedrifter vil sjå verdien av å delta i dette prosjektet. Dette er berre byrjinga på vår reise mot ein grønare og meir berekraftig byggebransje. Vi inviterer alle til å bli med på denne spennande reisa.