Kva skjedde med Intin?

Rune Viken og Geir Henning starta Intin i 2014, då som eit sideprosjekt. Foto: Intin.

Rune Viken og Geir Henning starta Intin i 2014, då som eit sideprosjekt. Foto: Intin.

I 2016 håpa dei på ein omsetnad på 5 millionar. I fjor runda dei 39!

  • Lokasjon: Førde

  • Tilsette: 15

  • Etablert: 2014

  • Inkubatorbedrift: 2015-2017

  • KPV si rolle: Gode råd og viktig rettleiing, tilgang til kurs, nettverk og sentrale samarbeidspartnarar.


– Ja, vi har vakse greitt heile vegen, fortel Rune Viken litt forsiktig.  

Saman med Geir Henning starta dei Intin hausten 2014. I løpet av 2015 omsette dei for godt over 1 million, og i fjor runda dei 39 millionar.

– Mykje er takka vere godt samarbeid med bedrifter lokalisert rundt oss. Vi har mange gode samarbeidspartnerar, som Tibber og Mediebruket. Det gjeld å byggje relasjonar framfor konkurranse, fortel Viken.

Intin er i dag 15 tilsette. Dei driv i hovudsak med å forenkle kvardagen til folk, ved å bruke teknologi som gir høgare komfort og sikkerheit, og samtidig sparar miljø, tid og reduserer straumkostnadane. Dei tilbyr styringssystem for bustader og leilegheiter, med fokus på å kople saman lys, varme- og låsesystem. I tillegg leverer dei produkt og «power-ups» til installasjons- og samarbeidsbedrifter som sel produkta til sluttbrukaren.

«Invite» er eit styringssystem for dei som driv utleige av bustadar.

«Invite» er eit styringssystem for dei som driv utleige av bustadar.

–  Vi har heile vegen treft bra med timingen. Ein kan ikkje komme med teknologiprodukt for tidlig, då vil ingen ha det, og ein kan ikkje komme for seint. Då er det nokon andre som tilbyr det. Men vi var nok passeleg tidleg ute med smarthusteknologien, og i dag begynner det å bli for «alle», ikkje berre dei som er spesielt interesserte, så marknaden veks, fortel gründeren.

Intin har dei siste åra òg utvikla og lansert «Invite», eit styringssystem for dei som driv utleige av bustader. Løysinga består av ei programvare og produkt som automatisere mellom anna nøkkeltildeling og temperaturstyring basert på gjeste-bookingar.

– Det handlar om å tilby teknologi og løysingar for framtida. Vi skal gjere kvardagen enklare og betre for miljøet, legg han til.